Vinter i Geiranger

Arrangement for bedrifter og grupper

Julebord i Geiranger

Julestemning i Geiranger

Vil du gjere ekstra stas på dei ansatte etter eit godt år? Då er Union Geiranger den perfekte staden for årets julebord.  Vi tilrettelegger og sørger for at de får eit opplegg og ei helg dei ansatte vil huske i lang tid.  På Union har vi lang erfaring med mindre og store arrangementer, og med oss har du alle fasilitetar tilgjengelig og kjem til dekka bord. 

Julebord i Geiranger

Samle gjengen til julebord

Eit julebord er meir enn det som står på bordet. Det er stemninga i rommet, roa i kroppen etter ein tur i spaet, og kontrasten mellom kulde og varme når kvelden glir over i blåtimen og du ligg i utebassenget med fjorden rundt deg.

På Union Geiranger er dette like mykje ein del av julebordet som maten.

Spaet gjev rom for å roe ned før festen tek til. Utebassenget og andre utandørsaktivitetar gjev ei oppleving få andre julebord kan by på. Det er slike detaljar som gjer at bedrifta, familien eller vennegjengen sit igjen med noko meir enn ein god middag.

Våre julebordspakkar:

Vi tilbyr julebord i både midtveke og i helgane, med eigne pakkar tilpassa ulike grupper.

Julebordpakke Midtveke

Halvpensjon inkludert inngang Union Spa – frå kr. 2 080,- per person i dobbeltrom

Julebordpakke Helg

Fredag til laurdag:
Halvpensjon – frå kr. 2 080,- per person i dobbeltrom

Heile helga (fredag–søndag):
Frå kr. 4 955,- per person i dobbeltrom

Oppvarmende stund ved Union Bad
Gode senger og fine rom ved Union Geiranger

Opplev ei magisk helg ved Union Geiranger

Juleribbe

Julebuffet på Union Geiranger

Vel mellom julebord i midtveka eller i helga – begge gjev deg ein rikholdig julebuffet med alt du forventar av ein ekte norsk jul.

Har du lyst på noko anna enn julemat? Buffeten er full av alternativ som ikkje tradisjonelt står på julebordet, så det er noko å finne for alle – både dei som held fast på tradisjonen, og dei som vil utforske litt.

Krydre julebordet med aktivitetar

Tid for Spa - åleine eller saman

Hotellet sine fasilitetar og tilbod er også med på å gi di konferanse det lille ekstra.

Behandling ved Union Spa

Behandlingar

Terapautane våre har utdanning, lang erfaring og ønskjer å gje deg det beste. Vi veit kor stor effekt naturen har på kropp og sinn. Difor inviterer vi deg til å sette av godt med tid, om du kan. Då kan du først gå ein tur i fjell, skog eller mark, og så kome inn for ønska behandling.

Saunarituale i Union Spa

Saunarituale

Kvar ettermiddag kan du oppleve ei avslappande og varmande stund for sansane i badstua i Union Spa. Om du har inngang til spa er dette inkludert.

Relax lounge

Avslapningssoner

Vi har fleire stover som rommar stillheit og kvile. Set mobilen på lydlaus, og finn roa i ein god avslapningsstol anten i peisstua, i biblioteket eller eit stillerom.

Japansk varmebad i Union Spa

Japansk varmebad

Japansk varmebad varmer opp stive musklar og ledd, og med nydeleg utsikt over fjella langs fjorden

Ei samlande stund i utandørsbassenget

Union Bad

Union Bad er ope kvar dag frå 06:00-22:30.