Behandlingar ved Union Spa
Kom til oss når du treng kvile for kropp og sjel. Vi ønskjer å gje deg behandlingar, bad og massasje - midt i den storslagne og unike verdsarvnaturen. Terapeutane våre har utdanning, lang erfaring og ønskjer å gje deg det beste. Vi veit kor stor effekt naturen har på kropp og sinn. Difor inviterer vi deg til å sette av godt med tid, om du kan. Då kan du først gå ein tur i fjell, skog eller mark, og så kome inn. Her kan du få nye sanseinntrykk, finne igjen kvilepulsen og falle til ro.

Aromamassasje
Oppfriskande eller beroligande aromamassasje
Varigheit
50 min
Pris
1380 kr
Full kroppsmassasje med gode oljar, oppfriskande eller beroligande, etter behov. Dei erfarne terapeutane våre vil gjere det dei kan for å gje deg 50 minutt med god massasje. Passar godt når du treng ei lita stund for deg sjølv, for å lade batteria og finne igjen kvilepulsen. Før du er klar for neste økt.

Cellulittbehandling
Oppstrammande cellulittbehandling
Varigheit
50 min
Pris
1380 kr
Vi skrubbar heile kroppen med ein kombinasjon av salt og olje.
Terapeutane våre bandasjerer deg der du treng det mest - på mage, rumpe, lår eller armar. Skrubben skal mjukgjere og varme opp huda, for å gje best mogleg effekt av den oppstrammande behandlinga. For best resultat, rår vi deg til å ta denne etter at du er ferdig med sauna, bad og trening.

Fotpleie
Mjukgjerande fotbehandling med lakk
Varigheit
50 min
Pris
1380 kr
Ønskjer du å gje føtene litt ekstra merksemd, tilbyr vi fotpleie. Vi fjernar hard hud, brukar rike, pleiande kremar, filer, formar og kortar neglar. Og sender gjerne med deg råd og tips du kan ta i bruk heime. Vi avsluttar behandlinga med å lakke neglane. Ønskjer du ein lakk med meir hold i, anbefalar vi 80 min behandlinga med shellack.

Fotpleie med shellack
Fukt og pleie med shellack
Varigheit
80 min
Pris
2070 kr
Ønskjer du å gje føtene litt ekstra merksemd, tilbyr vi fotpleie. Vi fjernar hard hud, brukar rike, pleiande kremar, filer, formar og kortar neglar. Og sender gjerne med deg råd og tips du kan ta i bruk heime. Vi avsluttar behandlinga med å lakke neglane med shellack.

Geirangerfjord signatur
Kroppsmassasje og ansiktsrens
Varigheit
80 min
Pris
2 070 kr
Ved hjelp av varme, gode steinar masserer terapeuten heile kroppen, frå verkande skuldrar og heilt ned til fotsålen. Alt går i sakte fart. Til slutt får du grundig ansiktsrens og krem medan dei svarte steinane held deg varm. I denne behandlinga tek vi i bruk naturkreftene for å gje deg det beste og lindre ømme punkt. Vi brukar kremar frå Babor.

Gravidmassasje
Tilpassa massasje for gravide
Varigheit
50 min
Pris
1380 kr
Terapeuten masserer med vante hender nakke, skuldrar, rygg, korsrygg og bein, og gir ekstra merksemd der du treng det, og akkurat slik du vil ha det no. Kroppen treng meir kvile når du ber eit nytt liv. Vi vil gjerne gje deg full kroppsmassasje, heilt tilpassa behova dine. Vi tilpassar massasjebenken på beste måte slik at du får ligge ekstra godt
Andre trygge behandlingar for gravide:
Klassisk ansiktsrens, handpleie og fotpleie.

Hamam
Tradisjonelt tyrkisk bad
Varigheit
50 min
Pris
1380 pp
Her gjer vi oss nytte av tyrkiske badetradisjonar på sitt beste, med store mengder damp, vatn og såpe. Vi skrubbar heile kroppen med ein tyrkisk spesialhanske og masserer deg med rikelege mengder såpeskum.
Behandlinga blir avslutta med massasje av nakke og hovudbotn, før du får ein god hårvask. Passar godt både åleine, saman med kjæresten eller ein ven.

Hamamrituale for grupper
Hamamrituale for grupper på 4-8 personar
Varigheit
25 min
Pris
440 kr per person
Ein av terapeutane våre guidar små grupper i eit sanseleg besøk i det tyrkiske badet vårt. Her er det plass til grupper på 4 til 8, og vi tek gjerne imot grupper av vener eller kollegaer. Sjølvbehandlinga foregår i eit autentisk baderom med marmorfliser og ein stor, oppvarma steinbenk i midten. Dette foreslår vi med glede for alle som har lyst til å ha eit dampande friminutt i spaet vårt saman.

Handpleie
Rik og pleiande med forming av neglene
Varigheit
50 min
Pris
1380 kr
Har du lyst til å gje hendene litt ekstra merksemd, ønskjer vi deg hjarteleg velkomen! Vi brukar rike, pleiande kremar, filer, formar og kortar neglar. Og sender gjerne med deg råd og tips du kan ta i bruk heime. Vi avsluttar behandlinga med å lakke neglane. Ønskjer du ein lakk med meir hold i, anbefalar vi 80 min behandlinga med shellack.

Handpleie med shellack
Rik og pleiandre kremer med shellack
Varigheit
80 min
Pris
2070 kr
Har du lyst til å gje hendene litt ekstra merksemd, ønskjer vi deg hjarteleg velkomen! Vi brukar rike, pleiande kremar, filer, formar og kortar neglar. Og sender gjerne med deg råd og tips du kan ta i bruk heime. Vi avsluttar behandlinga med å lakke neglane med shellack.

Klassisk massasje 25
Kort klassisk massasje
Varigheit
25 min
Pris
690 kr
Klassisk, effektiv massasje mot vonde punkt som rygg, nakke, skuldrar og bein. Terapeutane våre finn raskt ut kva for område dei bør bruke ekstra tid på, og du kan sjølv skreddarsy kor lang behandling du vil ha. Denne behandlinga er for deg som ønskjer ei stund med ro og nyting, men som også treng at kroppen får oppleve effekten av trente hender og gode produkt.

Klassisk massasje 50
Massasje for vonde punkt
Varigheit
50 min
Pris
1380 kr
Klassisk, effektiv massasje mot vonde punkt som rygg, nakke, skuldrar og bein. Terapeutane våre finn raskt ut kva for område dei bør bruke ekstra tid på, og du kan sjølv skreddarsy kor lang behandling du vil ha. Denne behandlinga er for deg som ønskjer ei stund med ro og nyting, men som også treng at kroppen får oppleve effekten av trente hender og gode produkt.

Klassisk massasje 80
Effektiv massasje for vonde punkt
Varigheit
80 min
Pris
2070 kr
Klassisk, effektiv massasje mot vonde punkt som rygg, nakke, skuldrar og bein. Terapeutane våre finn raskt ut kva for område dei bør bruke ekstra tid på, og du kan sjølv skreddarsy kor lang behandling du vil ha. Denne behandlinga er for deg som ønskjer ei stund med ro og nyting, men som også treng at kroppen får oppleve effekten av trente hender og gode produkt.

Kopping og massasje 50
Djup massasje med koppar
Varigheit
50 min
Pris
1380 kr
Kopping er ei djupare form for bindevevsmassasje som effektivt løyser opp stiv nakke og stram muskulatur i skuldrer, rygg og hofter. Vi nyttar vakuumkoppar i gummi som vert plasserte på område der kroppen har særleg behov. Behandlinga stimulerer kroppen sitt eige transportsystem ved å auke blodsirkulasjonen. Dette er eit godt val for deg som ønskjer djupare verknad på muskelspenningar. Behandlinga aukar sirkulasjonen, reduserer væskeopphoping og verkar reinsande. Vi tilrår å drikke rikeleg med vatn både før og etter behandlinga.

Kroppsskrubb
Med salt og spesialolje
Varigheit
20 min
Pris
690 kr
Vi brukar rosa spesialolje og ekstra finmale salt og skrubbar heile
kroppen grundig. Denne behandlinga vil vi gjerne gje deg før du får massasje eller andre behandlingar utan kroppsskrubb. Saltet fjernar hudceller som ikkje lenger er produktive, får fart på sirkulasjonen og klar for å ta imot dei aktive virkestoffa frå den eksklusive oljen.

Nordlys over fjella
Leire i dampbad
Varigheit
25 min
Pris
690 kr per person
For 1 til 4 personar
I det runde, lysegrøne baderommet vårt tilbyr vi sjølvbehandling i dampbad. Lysa i taket skal minne om nordlyset og den storslagne naturen vi er del av. Her inviterer vi deg til å gje deg sjølv noko av det beste vi veit - du smører deg inn med nærande leire som virkar avgiftande og helande for huda, så avsluttast behandlinga med varmt regn frå taket.

Nordlys over fjella for grupper
Leire og dampbad for 2-4 personar
Varigheit
25 min
Pris
690 kr per person
I det runde, lysegrøne baderommet vårt tilbyr vi sjølvbehandling i dampbad. Lysa i taket skal minne om nordlyset og den storslagne naturen vi er del av. Her inviterer vi deg til å gje deg sjølv noko av det beste vi veit: du smører deg inn med nærande leire som virkar avgiftande og helande for huda, så avsluttast behandlinga med varmt regn frå taket.

Skrubb og leireinnpakking
Saltskrubb og magnesium innpakking
Varigheit
50 min
Pris
1 380 kr
Den marine mineralskrubben friskar opp og tilfører fukt til huda ved hjelp av naturlege sjøsaltkrystallar og mineral som gjer huda mjuk og glatt. Medan leireinnpakkinga virkar masserer vi hovudbotnen. Etter skrubben pakkar vi deg inn i ei kvit, deilig marin leire med avgiftande og nærande effekt. Leira er rik på magnesium og kalsium, som styrkjer og pleiar huda.

Skrubb og leireinnpakking for gravide
Varsam og trygg leire og kroppsskrubb
Varigheit
50 min
Pris
1380 kr
I denne behandlinga får du full kroppsskrubb før vi smørjer huda di med nærande leire, og varsamt pakkar deg inn i store handdukar. Terapeutane våre veit at du som ber eit lite liv treng ekstra merksemd. Det gjer huda og kroppen din også i denne spesielle ventetida. Dersom vi får lov, gir vi gjerne nokre tips for at du skal kunne ta vare på huda på kropp og ansikt på best mogleg måte Vi tilpassar massasjebenken slik at du får ligge ekstra godt.

Steinmassasje
Lavasteinar og djup massasje
Varigheit
80 min
Pris
2070 kr
Massasje av heile kroppen der vi tek i bruk varme lavasteinar, olje og mjuke hender. Ved hjelp av lavasteinar varmar vi sakte opp muskulaturen og gjer kroppen klar for djupare massasjeteknikkar. Denne behandlinga passar godt for ein øm og sliten kropp, stiv muskulatur eller for deg som lengtar etter total ro og kvile frå kvardagsstresset. Denne behandlinga kan også utførast for to personar, sjå Steinmassasje for 2.

Union brudesminke
Brudesminke med konsultasjon
Varigheit
80 min
Pris
2070 kr
Full brudesminke på den spesielle dagen, gjennomført av profesjonell kosmetolog. Brudesminking inkluderer ein konsultasjon i forkant, slik at vi har ein plan for korleis du ønsker dette løyst.

Union dagsminke
Dagsminke med konsultasjon
Varigheit
25 min
Pris
690
Dersom du skal i selskap eller vil sjå ekstra fin ut til middagen, kan du bestille profesjonell sminke hos kosmetologane våre. Vi tilbyr både lett dagsminke eller full kveldssminke, og gir gjerne råd og tips om kva som passar deg aller best.

Union kveldssminke
Kveldssminke med konsultasjon
Varigheit
50 min
Pris
1380 kr
Dersom du skal i selskap eller vil sjå ekstra fin ut til middagen, kan du bestille profesjonell sminke hos kosmetologane våre. Vi tilbyr full kveldssminke, og gir gjerne råd og tips om kva som passar deg aller best.
Vi nyttar mellom anna produkt frå Jane Iredale.

Vippar og bryn
Farging av vippar og bryn
Varigheit
25 min
Pris
690 kr
Farging av vippar og bryn, samt skånsam forming og voksing.

Voksing ansikt
Fjerning av hårvekst i ansikt
Varigheit
25 min
Pris
330 kr
Vi tilbyr også voksing i Union Spa, og dette kan kombinerast med andre
behandlingar. Ved hjelp av varm voks fjernar vi raskt og effektivt hårvekst i ansikt som bryn, overleppe og hake.

Voksing kropp
Voksing av område på kropp
Varigheit
25 min
Pris
440 kr
Vi tilbyr også voksing i Union Spa, og dette kan kombinerast med andre
behandlingar. Ved hjelp av varm voks fjernar vi raskt og effektivt hårvekst på legg, lår og bikiniområde, armhule eller rygg. 440 kr per område.

Yumeiho 50
Japansk triggerpunktmassasje
Varigheit
50 min
Pris
1380 kr
Yumeiho-massasje er ein japansk terapeutisk metode som kombinerer djupvevsmassasje og akupressur. Behandlinga har ei heilskapleg tilnærming og lindrar muskel- og skjelettplager, særleg i rygg og nakke. Ho betrar leddrørsle, stimulerer sirkulasjonen og reduserer stress. Dette er ei kraftfull behandling som passar for deg som ønskjer ei grundig og effektiv gjennomarbeiding av heile kroppen.

Yumeiho 80
Japansk triggerpunktsmassasje
Varigheit
80 min
Pris
2070 kr
Yumeiho-massasje er ein japansk terapeutisk metode som kombinerer djupvevsmassasje og akupressur. Behandlinga har ei heilskapleg tilnærming og lindrar muskel- og skjelettplager, særleg i rygg og nakke. Ho betrar leddrørsle, stimulerer sirkulasjonen og reduserer stress. Dette er ei kraftfull behandling som passar for deg som ønskjer ei grundig og effektiv gjennomarbeiding av heile kroppen.