Mat med røter i historia – og blikket retta framover

Sidan 1891 har gode måltid vore ein viktig del av opplevinga ved Union Geiranger. Då Julie Mjelva kjøpte hotellet og la grunnlaget for det som skulle bli ein av Norges mest anerkjende hotelltradisjonar, var kvalitet, vertskap og omtanke for gjesten sentrale verdiar. Desse verdiane pregar framleis måten vi tenkjer mat på.

Historisk bilde av Hotel Union

Matkonseptet vårt

For oss handlar mat om meir enn å mette. Det handlar om å skape opplevingar gjennom sesongens beste råvarer, godt handverk og smakar som høyrer heime i omgjevnadene rundt oss. Vi let årstidene styre menyane, arbeider med råvarer på sitt beste og kombinerer lokale ingrediensar med impulsar frå det internasjonale kjøkkenet.

F&B-direktør Odd Ivar Solvold leier eit team der filosofien er enkel: Gode måltid startar med gode råvarer. Enten du besøker Cafe Løsta, Restaurant Julie eller Restaurant Fjorden, skal du oppleve mat laga med forkjærleik for gode smakar, reine råvarer, stoltheit for faget for å gje gjesten den beste opplevinga.

Vår kulinariske filosofi byggjer på seks grunnprinsipp:

  • Forankra i det lokale
    Vi nyttar lokale råvarer der det er naturleg, og løftar fram smakane frå regionen rundt oss.
  • Tradisjon i ny drakt
    Norske mattradisjonar møter moderne teknikkar og internasjonal inspirasjon.
  • Reine og ærlege råvarer
    Kvaliteten ligg i råvara. Difor vel vi ingrediensar med omtanke og unngår unødvendige tilsetjingar.
  • Den gode kombinasjonen
    Matopplevinga blir løfta gjennom nøye utvalde drikkevarer og vinar som utfyller smakane på tallerkenen.
  • Styrt av sesongen
    Menyane våre utviklar seg gjennom året i takt med naturen og tilgangen på dei beste råvarene.
  • Omsyn til kvar enkelt gjest
    Vi tek omsyn til allergiar, kosthaldspreferansar og spesielle behov, slik at alle kan nyte måltidet med tryggleik og glede.

Slik fører vi vidare ein tradisjon som har vore ein del av Union Geiranger i meir enn 130 år.

Middag i Julie
Fiskerett i Julie