Utandørs bad ved Union Geiranger, foto Arnulfur Hákonarson

Frå puls til plask

Flytande påfyll i Union Bad

Ei kjelde til velvære

Union Bad er ein stad for å lade opp mellom dagens aktivitetar – eller avslutte dagen på best mogleg vis.

Her finn du innandørs basseng, utandørs terapibad, sauna og barnebasseng i behagelege omgjevnader. Enten du kjem rett frå fjelltur, fjordopplevingar eller berre ønskjer ei roleg stund, ligg alt til rette for ei behageleg stund i vatn.

Godt i glaset i Union Bad

Vatn er for alle aldrar. For leik, rørsle, kvalitetstid og påfyll.

I Union Bad kan du bade ute og inne, finne varmen i saunaen eller nyte ei roleg stund mellom dagens opplevingar. Her er det like naturleg å starte dagen med nokre lengder i bassenget som å avslutte den i varmt vatn etter ein aktiv dag i området.

For dei minste ventar ei eiga badeavdeling med sklie, grotte og barnebasseng. Når fingertuppane byrjar å bli skrukkete, ligg leikerommet rett ved sidan av – klart for nye eventyr.


Bad med born i Union Bad
Innandørsbasseng
Barnebasseng ved Union Bad
Bading med barn
Stille stund i terrapibassenget
Avslapping ved bassenget
Barnebassenget
Alltid fyr i peisen
Stille stund i utandørs basseng ved Union Bad
Bad mellom fjord og fjell