
Bryllaup etter dykkar ønske
Geiranger stiller med det vakraste bakteppet, og vi hjelper til med å skreddarsy alle detaljar frå planlegging av meny, lokasjon for vielse, blomster, bryllaupskake, preparty, aktivitetar, køyreplanar, sminke og hår, film, foto og underhaldning.



Flotte lokale til bryllaup
På Union er alle gjestane samla, og mange brudepar ynskjer at
gjestane skal vere ilag heile helga. Til sjølve selskapet har Union Geiranger lokale som passar bryllaup i alle størrelsar. Vi hjelper gjerne med å foreslå passande lokale for å få det bryllaupet de ser føre dykk.
Vi kan hjelpe med
Vi er også opne for andre typar førespurnadar og spesielle ønsker.


Frisør
Vi har avtale med frisør som kan hjelpe med styling og håroppsett bryllaupsdagen.


Sminke
Vi tilbyr sminke av bruda bryllaupsdagen. Ved bestilling av brudesminke følgjer også ein konsultasjon i forkant.




Film og foto
Vi har avtalar med dyktige film og fotografar som kan dokumentere den store dagen. Be om tilbod i skjema under.


Veteranbil
Eit element som gir ekstra glam til bryllaupsfesten er å ankome festen i stil med ein av våre veteranbilar.


Bryllaupsmiddagen
Vårt erfarne mat og drikke-team set i hop middagar for både små og store bryllaup. Vi har eigne menyar, og kan også gjere tilpassingar til dykkar ønske. I forkant av bryllaupet inviterer vi brudeparet til å prøvesmake menyen.



Bryllaupskaker
Våre dyktige konditorar kan lage kaka som blir kakebordet sitt midtpunkt. Vi lagar også andre kaker og dessertar til kakebordet.


Lokale for vielse
Geiranger kyrkje er eit populært lokale for vielse. Vi kan også arrangere alternative stadar og vigslar etter dykkar ønske

Bryllaupsplanleggar
Store augneblinkar fortener god planlegging. Våre erfarne bryllaupsplanleggarar sørgjer for at alt ligg til rette for ei feiring de kan vere fullt til stades i. Be om tilbod på bryllaupsplanleggar


Feiring over fleire dagar
Kvifor nøye seg med éin dag, når de kan skape minner saman over fleire? Mange brudepar vel å samle familie og vener allereie dagen før bryllaupet, til ei uformell og hyggeleg get together.

Rom og suiter
Vi har 197 rom ved hotellet som kan bestillast til dykkar gjestar. Fleire av romma er også fine lokale til dei siste førebuingane før bryllaupsseremonien.
Be om tilbod på dykkar draumebryllaup
Fyll ut skjema under og vår bryllaupsplanleggar tek kontakt med dykk.
