Kvild i Japanese Hot pool

Ta ei velfortent pause

Opplev roa i Union Spa

Ta ei velfortent pause frå kvardagen

Union Spa er pleie av mental helse, nedstressing og inspirasjon på same tid. Ekte, reine og annleis vatnopplevingar, reinsing og behandlingar.
Ei stund av lukke i kvardagen.

Fotbad i Union Spa

For kropp og sjel

Kom til oss når du treng kvile for kropp og sjel. Vi ønskjer å gje deg behandlingar, bad og massasje - midt i den storslagne og unike verdsarvnaturen.

Saunarituale i Union Spa

Saunarituale

Kvar ettermiddag kan du oppleve ei avslappande og varmande stund for sansane i badstua i Union Spa. Om du har inngang til spa er dette inkludert.

Japansk varmebad i Union Spa

Japansk varmebad

Japansk varmebad varmer opp stive musklar og ledd, og med nydeleg utsikt over fjella langs fjorden

Relax lounge

Avslapningssoner

Vi har fleire stover som rommar stillheit og kvile. Set mobilen på lydlaus, og finn roa i ein god avslapningsstol anten i peisstua, i biblioteket eller eit stillerom.

Behandling ved Union Spa

Behandlingar

Terapautane våre har utdanning, lang erfaring og ønskjer å gje deg det beste. Vi veit kor stor effekt naturen har på kropp og sinn. Difor inviterer vi deg til å sette av godt med tid, om du kan. Då kan du først gå ein tur i fjell, skog eller mark, og så kome inn for ønska behandling.

Populære behandlingar

Skrubb med mineraler ved Union Spa

Skrubb og leireinnpakking

Saltskrubb og magnesium innpakking

Varigheit

50 min

Pris

1 380 kr

Den marine mineralskrubben friskar opp og tilfører fukt til huda ved hjelp av naturlege sjøsaltkrystallar og mineral som gjer huda mjuk og glatt. Medan leireinnpakkinga virkar masserer vi hovudbotnen. Etter skrubben pakkar vi deg inn i ei kvit, deilig marin leire med avgiftande og nærande effekt. Leira er rik på magnesium og kalsium, som styrkjer og pleiar huda.

Yumeiho er massasje teknikk som går djupt i vevet.

Yumeiho 50

Japansk triggerpunktmassasje

Varigheit

50 min

Pris

1380 kr

Yumeiho-massasje er ein japansk terapeutisk metode som kombinerer djupvevsmassasje og akupressur. Behandlinga har ei heilskapleg tilnærming og lindrar muskel- og skjelettplager, særleg i rygg og nakke. Ho betrar leddrørsle, stimulerer sirkulasjonen og reduserer stress. Dette er ei kraftfull behandling som passar for deg som ønskjer ei grundig og effektiv gjennomarbeiding av heile kroppen.

Varme steinar som pleier og gir varme til musklane.

Geirangerfjord signatur

Kroppsmassasje og ansiktsrens

Varigheit

80 min

Pris

2 070 kr

Ved hjelp av varme, gode steinar masserer terapeuten heile kroppen, frå verkande skuldrar og heilt ned til fotsålen. Alt går i sakte fart. Til slutt får du grundig ansiktsrens og krem medan dei svarte steinane held deg varm. I denne behandlinga tek vi i bruk naturkreftene for å gje deg det beste og lindre ømme punkt. Vi brukar kremar frå Babor.

Hamam behandling for to ved Union Geiranger

Hamam

Tradisjonelt tyrkisk bad

Varigheit

50 min

Pris

1380 pp

Her gjer vi oss nytte av tyrkiske badetradisjonar på sitt beste, med store mengder damp, vatn og såpe. Vi skrubbar heile kroppen med ein tyrkisk spesialhanske og masserer deg med rikelege mengder såpeskum.
Behandlinga blir avslutta med massasje av nakke og hovudbotn, før du får ein god hårvask. Passar godt både åleine, saman med kjæresten eller ein ven.

Resepsjon i Union Spa
Ei stille stund i terapibassenget ved Union bad.

Spa etikette

Stille og ro er sjølve ramma for god og djup indre reinsing. Derfor spelar atmosfæren i spaavdelinga vår ei viktig rolle. Aldersgrensa er 18 år, men som forelder kan du ta med deg barn ned til 16 år.


Kaffi på senga før besøk i Union Spa

Spapakke med overnatting

Unn deg sjølv og kanskje ein du er glad i ein spapakke for den komplette Union Geiranger opplevinga. Spapakken inkluderer valt romkategori, halvpensjon og inngang til spa.