Dagsbesøk i Union Spa
Mellom fjord, fjell og nye opplevingar finn du Union Spa – ein stad for å hente energi og roe ned tempoet. Veksle mellom varme basseng, saunaer, avslappingssoner og behandlingar medan utsikta mot Geiranger set ramma rundt opplevinga. Anten du kjem åleine, saman med ein ven eller som ei ekstra oppleving i ferien, gir eit dagspa-besøk rom for både kvile og ny inspirasjon.

Prisar for eksterne gjestar
- Dagspass 09.00–20.00 900 kr
- Ettermiddagspass 16.00–20.00 600 kr
Spafrukost vert servert mellom kl 09:00 og 12:00
Ved kjøp av behandling på 50 minutt eller meir kostar inngang til spa kr 600 for gjestar som ikkje bur ved hotellet.
Union Spa er ope for eksterne gjestar ved ledig kapasitet. Må bestillast på førehand.
Gjestar som bur ved hotellet kan bestille inngang til Union Spa ved bestilling av rom, eller som Spapakke som inkluderer halvpensjon. Les meir på Union Spa.
Anbefalte behandlingar
Våre terapeautar leverer dei beste massasjer og behandlingar ved Union Spa. Dette er behandlingar som må bestillast i tillegg. Dersom du bestiller ei behandling på 50 minutt eller meir, vert inngangen til spa redusert til 600 kr.

Klassisk massasje 25
Kort klassisk massasje
Varigheit
25 min
Pris
690 kr
Klassisk, effektiv massasje mot vonde punkt som rygg, nakke, skuldrar og bein. Terapeutane våre finn raskt ut kva for område dei bør bruke ekstra tid på, og du kan sjølv skreddarsy kor lang behandling du vil ha. Denne behandlinga er for deg som ønskjer ei stund med ro og nyting, men som også treng at kroppen får oppleve effekten av trente hender og gode produkt.

Geirangerfjord signatur
Kroppsmassasje og ansiktsrens
Varigheit
80 min
Pris
2 070 kr
Ved hjelp av varme, gode steinar masserer terapeuten heile kroppen, frå verkande skuldrar og heilt ned til fotsålen. Alt går i sakte fart. Til slutt får du grundig ansiktsrens og krem medan dei svarte steinane held deg varm. I denne behandlinga tek vi i bruk naturkreftene for å gje deg det beste og lindre ømme punkt. Vi brukar kremar frå Babor.

Enzymbehandling
Med produkt frå DMK
Varigheit
80 min
Pris
2070 kr
Her får du ei eksklusiv spesialbehandling med ein ansiktsskrubb og maske, utvikla av amerikanske Dannè. Den rike og rause ansiktsmaska blir lagt heilt ned til halsgropa, for best resultat. Denne blir gjerne kalla ”askepott-behandling”, og skal stramme opp, glatte ut og forynge huda ved hjelp av effektive enzym. Kan også ha god effekt på solskadar og akne.

Aromamassasje
Oppfriskande eller beroligande aromamassasje
Varigheit
50 min
Pris
1380 kr
Full kroppsmassasje med gode oljar, oppfriskande eller beroligande, etter behov. Dei erfarne terapeutane våre vil gjere det dei kan for å gje deg 50 minutt med god massasje. Passar godt når du treng ei lita stund for deg sjølv, for å lade batteria og finne igjen kvilepulsen. Før du er klar for neste økt.


