Fjordcruise Ålesund - Geiranger
Opplev reisa frå Ålesund til Geiranger slik ho er meint å opplevast – frå sjøen. På dette fjordcruiset, som tek mellom 2,5 og 3 timar, vert du omgjeven av majestetiske fjell, djupe fjordar og spektakulære fossefall heile vegen fram til Geiranger sentrum.

Undervegs kan du følgje med på audioguiden som fortel både kjende og mindre kjende historier langs ruta – eit perfekt følgje gjennom eit av Noregs vakraste landskap.
Ei naturleg reiseetappe for flyreisande
For deg som kjem med fly til Ålesund og skal bu på Union Geiranger, er fjordcruiset ei praktisk og naturleg transportetappe. Du går om bord i hamna i Ålesund og vert sett av i Geiranger sentrum, der Union Geiranger hentar deg og bagasjen din.
Anbefalt innhald

Geiranger Skywalk
Geiranger Skywalk er ein av Noregs mest spektakulære utsiktsplattformer, og tilbyr eit utsiktspunkt høgt over den verdskjende Geirangerfjorden. Utsiktspunktet er det høgaste i Europa med fjordutsikt.
- Nivå: Enkelt
- Sesong: Sommar

Zipline via Ferrata Geiranger
Opplev Geiranger Naturpark – ein spennande kombinasjon av zipline og via ferrata midt i den vakre naturen i Geiranger. Her får du kjenne på meistring, høgde og fart, omgitt av fjell, fossefall og spektakulær utsikt.
- Nivå: Medium
- Sesong: Sommar

Fjordkajakk i Geiranger
Opplev skjønnheten i den UNESCO-listede Geirangerfjorden fra kajakk. På denne guidede fjordturen glir du stille over klart og rolig vann, omgitt av mektige fjell, spektakulære fossefall og tradisjonelle fjellgårder.
- Difficulty: Easy
- Sesong: Sommar, Vår, Haust
- Varigheit: Ca 3 timar