Café Løsta

Café Løsta finn du i tredje etasje ved spa-resepsjonen og utgangen til hagen. Her serverer vi forfriskningar og enkle rettar som tynnbrød (wraps), cæsarsalat og spekemat. Dette er ei fin moglegheit til deg som gjerne vil nyte eit lite måltid i badekåpa, eller ønsker noko godt i glaset ved bassengkanten. Matservering 12:00 - 17:00 Drikkeservering 12:00 - 19:00

Cafe Løsta serverer enkle rettar tett ved Union Bad og Union Spa

Mellom spa, basseng og hagen finn du Café Løsta – ein uformell møteplass for små pausar og enkle gleder.

Her kan du slå deg ned i badekåpa, nyte noko godt i glaset og fylle på med lettare servering, søte freistingar eller litt knask mellom opplevingane. Enten du kjem frå ein avslappande behandling, nokre timar i Union Bad eller berre ønskjer å nyte roen i hagen, er Café Løsta ein naturleg stad å ta ein pust i bakken.

Hagen ved Union Bad og Café Løsta.
Bobler i bassenget
Café Løsta | Hotel Union Geiranger