Jubileum

Bryllaupsdagar, runde år, konfirmasjonar, dåp, jubileum eller ei samling med familie og vener – vi hjelper dykk med å skape ei heilskapleg oppleving. På Union Geiranger kombinerer vi vakre omgjevnader, gode matopplevingar og personleg vertskap med skreddarsydde løysingar tilpassa dykkar ønskje.

Marker jubileum hos oss

Frå små selskap til store jubileum

Vi arrangerer alt frå mindre familiemiddagar til større jubileum og feiringar. Med fleire selskapslokale, restaurantar, hotellhage og Mollaløa finn vi ei løysing som passar både anledninga og talet på gjester.

Det som feirast kan! Som tildømes:

  • Runde dagar og bursdagar
  • Bryllaupsdagar
  • Konfirmasjonar
  • Dåp eller namnefest
  • Familiesamlingar
  • Jubileum og samlingar for lag, foreiningar og bedrifter
  • Minnesamvær

Mat og opplevingar

Eit godt måltid er ofte midtpunktet i ei vellukka feiring. Vi set saman menyar med utgangspunkt i sesongens råvarer, og tilpassar serveringa etter ønskje – som til dømes selskapsmiddagar, avlukke i buffet-restauranten, banquette-middag eller meir uformelle løysingar.

Ønskjer de å gjere meir ut av opphaldet, kan vi også hjelpe med aktivitetar som krydrar jubileet som til dømes ribtur, aperitiff i hotellhagen, lunsj, middag eller anna aktivitet i den koselege Mollaløa, historieforteljing i Veteranbilmuseet og guida turar til Skageflå.

Aperitiff i hagen ved hotellet i samband med jubileumsfest.

Skreddarsydd for dykk

Vi hjelper dykk med planlegginga frå start til slutt og set saman eit arrangement tilpassa gjesteliste, budsjett og ønskje. Slik kan de bruke tida saman med gjestane, medan vi tek hand om resten.

Ta kontakt med oss for eit skreddarsydd tilbod.