Union Geiranger originalt
Karl og Julie Mjelva
Geiranger kring 1880
Union Geiranger på 90-talet
Barnedåp for komande generasjon
Union Geiranger i 2026

Fire generasjonar med vertskap

Historia til Union Geiranger er historia om fire generasjonar av familien Mjelva. Sidan Julie og Karl Mjelva tok over hotellet i 1899, har familien vore med på å forme både hotellet og reiselivet i Geiranger.

Arven etter første generasjon

Då Julie og Karl Mjelva tok over hotellet, var Geiranger framleis eit ungt reisemål. Dei såg moglegheitene i den aukande interessa for fjordlandskapet og la grunnlaget for ein tradisjon bygd på kvalitet, vertskap og omtanke for gjestane.

Karl og Julie Mjelva
Karl og Julie Mjelva

Pioner og samfunnsbyggar

Karl Mjelva var meir enn ein hotelleigar. Han var ein pioner som såg moglegheiter der andre såg utfordringar.

Då Karl og Julie Mjelva tok over Union Geiranger ved starten av 1900-talet, ønskte dei å tilby gjestane den komforten og kvaliteten dei var vane med frå dei store byane i Europa. Men det var ikkje alltid enkelt i ei lita fjordbygd på Sunnmøre.

Løysinga vart ofte å skape det som mangla. For å gi hotellet elektrisk lys og varme tok Karl initiativ til kraftutbygging. Når gjestene etterspurde betre oppvarming, bidrog han til industriutvikling i bygda. Og då dei bratte fjellvegane kravde nye transportløysingar, var han med på å utvikle køyretøy tilpassa dei krevjande forholda.

Geirangervegen vann gullmedalje på verdsutstillinga i Paris i 1900.
Geirangervegen vann gullmedalje på verdsutstillinga i Paris i 1900.

Vilje til å tenke nytt

For både Julie og Karl Mjelva handla utvikling aldri berre om hotellet. Dei såg samanhengen mellom gode opplevingar for gjestane og utviklinga av lokalsamfunnet rundt. På mange måtar var han med på å forme både Geiranger som reisemål og bygda slik vi kjenner henne i dag. Julie var med på å få etablert internasjonal hotellskule i Bergen, og Karl var med på å utvikle infrastruktur og forholda på hotellet.

Denne viljen til å tenkje nytt, finne løysingar og stadig utvikle tilbodet for gjestene har prega Union Geiranger gjennom generasjonar.

Knuten - bilete av Narve Skarpmoen
Knuten - bilete av Narve Skarpmoen

Nytenkinga førte også til konflikter mellom skyssfolket som køyrde hest og då etterkvart dei som køyrde bil. Dette vart løyst ved at alle fekk ein andel i bilane, og etterkvart var det bilar ved kvar ein gard i Geiranger. Turismen vaks og fleire hotell vart etablert.

Bilete frå Djupvasshytta rundt 1930
Bilete frå Djupvasshytta rundt 1930. Foto Union Geiranger

Med Geiranger som hjarteborn

Karl Mjelva, 3 generasjons vertskap, hadde eit sterkt engasjement for historia til både familien, hotellet og reiselivet i Geiranger, i perioden han var direktør ved hotellet. For å ta vare på denne arven etablerte han Veteranbilmuseet, som i dag fortel historia om pionerane, turisttrafikken og utviklinga av Geiranger som reisemål.

Karl Mjelva i Veteranbilgarasjen. Foto Remi Sagen/NRK
Karl Mjelva i Veteranbilgarasjen. Foto Remi Sagen/NRK

Saman med kona Gjertrud førte han Union Geiranger vidare i same ånd som generasjonane før dei. Samtidig var dei opptekne av å utvikle hotellet i takt med tida og forventningane til gjestane. Gjennom investeringar, fornying og eit sterkt personleg vertskap bidrog dei til å styrke Union Geiranger si rolle som eit leiande hotell ved fjorden.

Fortenestemedalje og Storfjordens Venner

Karl Mjelva fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 2002. Han er framleis aktiv i lag og organisasjonar som Storfjordens Venner som han var med på å etablere for over 50 år sidan. Målet til Storfjordens Venner er å bevare dei gamle fjord- og fjellgårdane. Og sidan den blei starta har foreininga restaurert over 140 bygningar, eit arbeid som var avgjerande då Geirangerfjorden fekk verdsarvstatus i 2005.

Dronning Sonja og Karl Mjelva studerer Ola Stavseng si statue, Foto Staale Wattø/smp.no
Dronning Sonja og Karl Mjelva studerer ei av Ola Stavseng sine tre statuer under avdukinga i høve 50 årsjubileet for Storfjordens Venner. Foto Staale Wattø/smp.no

Kongeleg besøk i Geiranger i 1993 i samband med Kong Harald og Dronning Sonja sitt sølvbryllaup.
Hotellet før den siste utbygginga
Tilbakeblikk til ei svunnen tid. Lampane i taket er derimot dei same.
Suiten Gamle Union tilbake på 90-talet.
Julebord ved Hotel Union tilbake i tid.
Tilbakeblikk frå historien skapt under tredje generasjons vertskap

Sindre og Monja riggar framtida

Monja og Sindre Mjelva då dei tok over drifta i 2001
Monja og Sindre Mjelva då dei tok over drifta i 2001

Då Sindre og Monja Mjelva tok over drifta av Union Geiranger i 2001, overtok dei ikkje berre eit hotell – dei tok ansvar for meir enn hundre år med historie, tradisjonar og vertskap.

Frå hotel til resort

Med respekt for arven etter generasjonane før dei har dei vidareutvikla hotellet i takt med nye forventningar og behov. Under deira leiing har Union Geiranger vakse til eit moderne resort med spa, konferansefasilitetar, restaurantar og eit breitt aktivitetstilbod, samstundes som hotellet har halde fast ved identiteten som eit familiedrive hotell ved Geirangerfjorden.

Spa-avdelinga ved Union Geiranger har blitt eit svært populært tilbod
Spa-avdelinga ved Union Geiranger har blitt eit svært populært tilbod

Sindre og Monja har vidareført den same framtidstrua og utviklingsviljen som har prega familien Mjelva sidan starten. Gjennom investeringar, fornying og eit sterkt fokus på kvalitet har dei styrkt Union Geiranger si rolle som ein av dei leiande destinasjonane i Fjord-Noreg. Sindre og Monja har også et sterkt engasjement for bygda og utvikling av denne, med alt frå fulltidsarbeidsplassar til infrastruktur.

Vegen vidare med varme velkomstar

Samtidig er mykje av det viktigaste det same som før. Ein varmt velkomst, personleg vertskap, kvalitet i hotellfaget og ønsket om å skape gode opplevingar for kvar einaste gjest står framleis i sentrum for alt dei gjer.

Varmt velkomne til Union Geiranger Resort & Spa!

Union Geiranger i 2026
Fire generasjonar med vertskap | Hotel Union Geiranger