Union ExclusiveVinterspesial

Historia som forma Geiranger

Geiranger er tufta på reiseliv. Sjå den imponerande samling historiske 7-seters bilar og høyre forteljingane om pionerane som la grunnlaget for turismen i Geiranger.

Imponerande samling med 7-seterbilar
Historiefortelling i Veteranbilgarasjen

Bli med på eit eksklusivt besøk til Veteranbilmuseet og oppdag historia bak ein av Norges mest kjende reiselivsdestinasjonar. Her får du sjå ei imponerande samling historiske 7-seters bilar og høyre forteljingane om pionerane som la grunnlaget for turismen i Geiranger.

Gjennom historier frå familien Mjelva og Union Geiranger får du eit unikt innblikk i korleis dei første reisande opplevde fjorden, korleis turisttrafikken voks fram, og korleis Geiranger utvikla seg til reisemålet vi kjenner i dag.

Opplev ei reise gjennom historia i særprega omgjevnader, medan du nyt ein aperitiff saman med dei andre deltakarane.

Historia som forma Geiranger | Hotel Union Geiranger