Lokale råvarer og internasjonale smakar
Restaurant Fjorden
Sesongens smakar ved fjorden
I Restaurant Fjorden står gode råvarer og sesongens smakar i fokus. Til frukost og middag serverer vi eit variert utval av rettar, inspirert av årstidene og omgjevnadene rundt oss. Utsikta over Geirangerfjorden set ramma for måltidet.

Ei smaksoppleving skapt frå grunnen av
Ved Union Geiranger er kvalitet meir enn eit mål – det er grunnlaget for alt vi gjer. I Restaurant Fjorden møter du ein buffet basert på gode råvarer, lokale smakar og inspirasjon frå det moderne kjøkken.
Det du finn på buffeten er laga frå grunnen av av våre eigne kokkar. Det gir reine smakar, høg kvalitet og ei matoppleving vi er stolte av å servere.
Her kan du nyte eit variert utval* av kjøt- og fiskerettar, friske salatar og eit freistande dessertbord fylt med heimelaga favorittar. Smak på vår klassiske karamellpudding, eller oppdag søte spesialitetar som cannelés, tiramisu og makronar.
*Utvalet vil variere

Overnatting med halvpensjon
Våre populære pakkar med halvpensjon gir deg det beste frå hotellet si matoppleving med frukost og middag inkludert i opphaldet.
Meir om mat og drikke

Restaurant Julie
I Restaurant Julie finn du a la carte-middagen — ein stad der du kan ta deg god tid og la kjøkkenet overraska deg. Her vel du sjølv, rett for rett, frå eit kart sett saman av Odd Ivar Solvold med norske råvarer og handverk i fokus.

Terrassen
Lunsj ute i sola med utsikt over Geirangerfjorden kan du gjere på vår fine terrasse. Her kan du nyte vår berømte pizza eller velje mellom andre lunsjrettar frå Restaurant Julie.

Cafe Løsta
I 3. etasje ved basseng avdelinga finn du Café Løsta. Her får du servert enkle lunsjretter og andre forfriskningar. Bestill til bassengkanten eller nyt lette måltid inne eller i hagen i badekåpe.