Mannen bak maten og menyane

Mat er ein viktig del av opplevinga på Union Geiranger. Derfor er vi stolte av å ha Odd Ivar Solvold som F&B-direktør og drivkraft bak matkonseptet vårt. Med lang erfaring, høge ambisjonar og fleire prestisjefylte utmerkingar har han utvikla eit konsept der gode råvarer, gode smakar og gode opplevingar står i sentrum.

Odd Ivar Solvold F&B direktør ved Union Geiranger.

Om Odd Ivar Solvold

Bak mat- og drikkeopplevingane på Union Geiranger står Odd Ivar Solvold, ein av dei mest meritterte kokkane i norsk gastronomi.

Gjennom fleire tiår har han markert seg som kokk, mentor og leiar på øvste internasjonale nivå. Han er tre gonger norsk meister i kokkekunst, kåra til Årets Kokk i Noreg, Noregs beste sjømatkokk og bronsevinnar i Bocuse d'Or – verdas mest prestisjefylte kokkekonkurranse.

Som coach har han vore med på å utvikle fleire av dei fremste norske kokketalenta, med tre verdsmeistrar og to europameistrar i Bocuse d'Or på merittlista og som medlem og leiar av Det Norske Kokkelandslaget gjennom 12 år.

Som leiar for Food & Beverage-teamet ved Union Geiranger er han tett involvert i utviklinga av mat- og drikkekonseptet og treninga av kjøkken- og serveringsteamet. Gjennom fagkunnskap, høge standardar og eit sterkt fokus på kvalitet er han med på å sikre at kvar gjest får ei mat- og drikkeoppleving som står i stil med omgjevnadene.

Filosofien er enkel: Dei beste opplevingane startar med gode råvarer, godt handverk og menneske som brenn for faget sitt. Det pregar alt frå menyutvikling og vinutval til servicen rundt bordet.

Banket dinner

Eit matkonsept av Odd Ivar Solvold | Union Geiranger