Lunsj til lunsj

Effektiv møtepakke med overnatting

Ta med teamet til Geiranger for ei samling som kombinerer fagleg innhald, nye perspektiv og gode opplevingar. Vi legg til rette for møte, strategiarbeid og aktivitetar som styrkar både samarbeid og engasjement. Med alt samla på eitt stad kan de bruke tida på det som betyr mest – samtalane, idéane og resultata.

Geiranger

Lunsj til Lunsj i Geiranger

Vi har erfaring med møter og samlingar, og veit kva som skal til for at de kan fokusere på dykkar agenda. Vi byr difor på eit skreddarsydd Lunsj til lunsj-opplegg som inkluderer mat, overnatting og forslag til aktivitetar og underholdning.

Programforslag

Kan justerast etter dykkar ønske. Kaffi, te og vatn er alltid tilgjengeleg på møterom. Pausemat og snacks kan leggast til etter ønske.

Dag 1

  • 10.30 Avgang med båt frå Ålesund. Møtet kan gjerne starte om bord, med servering av enkle smårettar og drikke.
  • 13.30 Ankomst Geiranger. Vi hentar bagasjen på kaia, medan gjestene går den vakre Fossevandringa opp til hotellet. Innsjekk ved ankomst.
  • 14.00 Lunsj i Restaurant Fjorden.
  • 14.45 Møtestart på Union Geiranger. Kaffe, te, isvatn og frukt blir servert i møterommet.
  • 17.30 Møteslutt.
  • 17.30–19.30 Fritid. Nyt Union Bad & Spa, utforsk naturen rundt hotellet eller delta på ei aktivitet. Vi hjelper gjerne med forslag.
  • 19.30 Aperitiff i Veteranbilgarasjen.
  • 20.00 Middag i Restaurant Fjorden eller Mollaløa.

Dag 2

  • 07.30–09.00 Frukost i Restaurant Fjorden.
  • 09.00 Møtestart. Kaffe, te, isvatn og frukt blir servert i møterommet.
  • 11.00 Kaffipause og utsjekk.
  • 13.00–13.45 Lunsj i Restaurant Fjorden.
  • 13.45–15.30 Møte.
  • 15.30 Møteslutt og vandring ned til kaia. Hotellet køyrer bagasjen.
  • 16.00 Båtavgang til Ålesund.
  • 19.00 Ankomst Ålesund.

Ta kontakt for eit skreddarsydd tilbod!

Møte i Geirangersalen
Breakout i baren
Ribtur er eit populært avbrekk som kan syast inn i programmet

Ribtur er eit populært avbrekk som kan syast inn i programmet

Hotellhagen kan nyttast til ein aperitiff før middag

Hotellhagen kan nyttast til ein aperitiff før middag

Mollaløa gir ei intim setting for mindre møter. Kan også køyre øl- pg vinsmakingar her

Mollaløa gir ei intim setting for mindre møter. Kan også køyre øl- pg vinsmakingar her

Ein tur til Skageflå med guide for å få opp pulsen

Ein tur til Skageflå med guide for å få opp pulsen

Avslapning i stillesone ved Union Spa

Ei lita stund til å lade batteria

Union Geiranger har også eitt av Noreg sine beste spa, og innenmellom slaga på møterommet byr det seg kanskje tid til ein liten timeout?

Møteromsfasiilitetar

Vi har møterom som eignar seg for møter og samlingar i alle størrelsar.

Møterommet Nash

Nash

Nash kan til dømes bli brukt som møterom for opp til 26 personar, eller som grupperom til 10 personar, ved å dele salen i to. Deltakarar: 4 - 12

Buick møterom

Buick

Buick er perfekt om du ønskjer ein mellomstor sal til arrangementet ditt. Salen kan delast i to, og passar ypparleg som presserom og sekretariat ved større kongressar. Deltakarar: 70 - 90

Cadillac med gamal penn

Cadillac

Cadillac gir dei rette rammene for møter eller mindre samlingar. Møterommet har også ein eigen veranda. Deltakarar: 20 - 50

bildetekst

Preikestolen

Preikestolen er passeleg til mindre konferansar, feiringar, utstillingar og intime selskap. Preikestolen kan delast i to grupperom. Deltakarar: 36 - 110

Aktivitetar de kan krydre samlinga med

Vi kan hjelpe med å setje saman ein inspirerande pakke som også inkluderer aktivitetar. Visste du forresten at ein kan nå Geiranger kvar dag heile året frå Ålesund via sjøvegen?

Lunsj til lunsj | Hotel Union Geiranger