
Fire årstider – éin ikonisk møtestad ved fjorden. Hotel Union blir til Union Geiranger Resort & Spa. I fire generasjonar har Familien Mjelva ønska reisande, lokalbefolkning, kongelege, eventyrarar og historieforteljarar velkomne til Geiranger, og døra - den er open for deg!
Komfortable rom og suiter ved fjorden
Kva som er det perfekte hotellrommet, varierer frå gjest til gjest. På Union Geiranger finn du alt frå komfortable dobbeltrom til romslege suitar med god plass til å nyte opphaldet. Utforsk utvalet og finn din favoritt.


Union Junior Suite Fjord View
Frå NOK 5360Union Junion Suite Fjord View med god utsikt mot fjorden. Stua har stor sittegruppe og romsleg bad. 2 soveplassar.



Union Suite Flydalsjuvet
Frå NOK 7360Union Suite Flydalsjuvet med luftige vindauge og utsikt mot fjella og Flydalsjuvet. Stova har både spisestove og sofagruppe. Separat soveplass med stor dobbeltseng og eigen TV.



Union Superior Fjord View
Frå NOK 3960Lyst og innbydande rom på 23–25 kvadratmeter med spektakulær utsikt over Geirangerfjorden. Eigen sittegruppe og bad med badekar og/eller dusj.


Union Classic Fjord View
Frå NOK 2399Fjordutsiktsrom på 25-27 kvadratmeter for to personar. Rommet har eiga sofagruppe og bad med dusj eller badekar.



Union Junior Suite Mountain View
Frå NOK 5360Ei romsleg juniorsuite på 30–40 kvadratmeter der fjella er næraste nabo. Eigen sittekrok, separat sovealkove og eit bad med både badekar og dusj – god plass til å lande heilt.



Union Suite Gamle Union
Frå NOK 8860Suite «Gamle Union» er vår mest særeigne og historiske suite – ein hyllest til hotellet si lange historie og tradisjonar, med spektakulær utsikt over fjorden.


Union Superior
Frå NOK 3260Lyst og innbydande rom på 25–30 kvadratmeter med utsikt mot fjella. Sittegruppe og bad med badekar og/eller dusj og dobbeltseng.
Aktuelle tilbod og pakkar

Overnatting med frukost og middag
Halvpensjonspakke med overnatting i valfri romkategori. Inkluderer frukost og middag, samt inngang til Union Bad.

Spapakke
Overnatting med frukost og middag, samt inngang til Union Bad og Union Spa.

Festspela i Geiranger
2.oktober - 4.oktober kan du oppleve Festspela i Geiranger.

Haustferie - Familiepakke
Early bird! Bestill tidleg å spar 20% på familiepakke i haustferien. Pakken inkluderer frukost og middag, samt inngang til Union bad for to vaksne og to barn.

Jentehelga 2027
Jentehelga ved Union Geiranger. Sett av helga 12. - 15. mars 2027!
Anbefalte aktivitetar

Tur til Skageflå
Legg ut på ein spektakulær tur til Skageflå – den historiske fjellgarden med utsikt over fossane Dei Sju Systre. Turen byr på vakker natur, frisk fjelluft og ei uslåeleg utsikt.


Dagstur til Loen
Opplev ein vakker dagstur frå Union Geiranger til Loen med spektakulære utsikter, fjell og fjordlandskap undervegs. På turen kan du besøke ikoniske Dalsnibba og utforske populære opplevingar i Loen som Loen Skylift og Rakssetra.

Dagstur til Trollstigen
Opplev ein spektakulær dagstur frå Union Geiranger til den ikoniske Trollstigen. På vegen får du sjå nokre av dei mest kjende og vakre attraksjonane på Vestlandet – frå dramatiske fjordutsikter til imponerande fjellvegar og fossefall.

Zipline via Ferrata Geiranger
Opplev Geiranger Naturpark – ein spennande kombinasjon av zipline og via ferrata midt i den vakre naturen i Geiranger. Her får du kjenne på meistring, høgde og fart, omgitt av fjell, fossefall og spektakulær utsikt.

Ribbåt med tur til Skageflå
- Varigheit: ca 3 timar
Bestill båttransport til startpunktet for turen til Skageflå og opplev Geirangerfjorden frå sjøen. Vel mellom éin veg eller tur/retur, og kombiner båtturen med ei spektakulær fjellvandring til den historiske fjellgarden Skageflå.

Union Spa
Ei fredeleg pause frå kvardagen
Union Spa er ein stad der tida går litt saktare, og der ro, velvære og naturen omfamnar deg. Nyt ei stille stund, gjerne med ei behandling frå våre erfarne terapeutar – omgitt av fjord og fjell i vakre Geiranger.
Spa og velvære

Saunarituale
Kvar ettermiddag kan du oppleve ei avslappande og varmande stund for sansane i badstua i Union Spa. Om du har inngang til spa er dette inkludert.

Japansk varmebad
Japansk varmebad varmer opp stive musklar og ledd, og med nydeleg utsikt over fjella langs fjorden

Avslapningssoner
Vi har fleire stover som rommar stillheit og kvile. Set mobilen på lydlaus, og finn roa i ein god avslapningsstol anten i peisstua, i biblioteket eller eit stillerom.

Behandlingar
Terapautane våre har utdanning, lang erfaring og ønskjer å gje deg det beste. Vi veit kor stor effekt naturen har på kropp og sinn. Difor inviterer vi deg til å sette av godt med tid, om du kan. Då kan du først gå ein tur i fjell, skog eller mark, og så kome inn for ønska behandling.

Middag ved Union
Kvar kveld mellom kl. 18.30 og 21.30 serverer vi buffet i Restaurant Fjorden. Her kan du velje mellom varme og kalde rettar inspirerte av sesongen og tilgjengelege råvarer. Buffeten har også eit rikt utval dessertar frå hotellet sitt eige konditori.



