Jubileum

Bryllaupsdagar, runde år, konfirmasjonar, dåp, jubileum eller ei samling med familie og vener – vi hjelper dykk med å skape ei heilskapleg oppleving. På Union Geiranger kombinerer vi vakre omgjevnader, gode matopplevingar og personleg vertskap med skreddarsydde løysingar tilpassa dykkar ønskje.

Marker jubileum hos oss

Frå små selskap til store jubileum

Vi arrangerer alt frå mindre familiemiddagar til større jubileum og feiringar. Med fleire selskapslokale, restaurantar, hotellhage og Mollaløa finn vi ei løysing som passar både anledninga og talet på gjester.

Det som feirast kan - som tildømes:

  • Runde dagar og bursdagar
  • Bryllaupsdagar
  • Konfirmasjonar
  • Dåp eller namnefest
  • Familiesamlingar
  • Jubileum og samlingar for lag, foreiningar og bedrifter
  • Minnesamvær

Jubileum i Geiranger

Vi hjelper gjerne med å skreddarsy ei helg eller samling for deg og dine.

Selskap over fleire dagar
Koseleg lunsj i Restaurant Fjorden

Feiring over fleire dagar

Eit jubileum legg dei perfekte rammene for å feire saman og vere i lag over fleire dagar.

Tur til Skageflå med Guide
Ribtur i Geirangerfjorden
Kajakkpadling på fjorden

Aktivitetar og utflukter

Geiranger har eit rikt aktivitets- og utfluktstilbod. Frå fotturar, ribturar til vinteraktivitetar som ski og trugeturar. Vi har også partnarar som kan hjelpe med gjennomføring av underhaldande tvekampar.

Union Suite Flydalsjuvet
Union Classic Fjord View

Oppgradering av rom til jubilanten

Vi byr alltid på gratis oppgradering av rom til jubilanten. Dersom andre i følge også ønsker oppgradering, har vi gode prisar. Ta gjerne kontakt før ankomst.

Festmiddag ved Union Geiranger

Festmiddag

Union Geiranger har eit variert middagstilbod. Om de ønsker eit enkelt jubileum anbefalar vi buffeten eller Restaurant Julie. Dersom de er mange, kan vi også rigge opp ein festmiddag i eige lokale.

Blomsteroppsats og lys under festmiddag i Restaurant Julie

Lys og blomster

Ved feiring av eit jubileum dekker vi bordet med levande lys og blomster.

Kake laga ved Union
Sunnmørsk kakebord

Kakebord

Om du ønsker tilrettelegging for å ta med eigne kaker eller om du vil bestille ei av dei deilige kakene frå konditoren ved Union er opp til deg. Spør oss og vi set opp eit tilbod som passar di anledning

Pizzalunsj!
Lunsj på Terrassen, med vakker utsikt
Cæsarsalat ved Union

Lunsj og gode mellommåltid

Har du høyrt om Union sin italienske pizza? Dei ulike variantane og mykje anna er populære lunsj og mellommåltid ved Union.

Varmebad i Union Spa
Hamam ved Union Geiranger
Saunarituale

Spa og velvære

Ein tur innom Union Spa set våre gjestar stor pris på. Nyt varmebad, sauna og finn roa i avslapningssonene, eller bestill ei behandling som løyser opp musklar, eller gir deg den ekstra gløden du ønsker før middagen.

Barnebasseng
Ein skål i terapibadet ute.

Bad og bassengområde

Innandørsbasseng, utandørs terapibasseng eller ei lita trulte som ønsker ein tur innom barnebassenget? Gratis inngang for buande gjestar ved hotellet!

Aperitiff i hagen
Aperitiff i Veteranbilgarasjen

Aperitiff

Ein fin måte å samle gjestane på før middag. Samlingane kan finne stad i Veteranbilgarasjen, i hagen eller i Dronningsalongen.

Vinkjellaren ved Union Geiranger

Øl- og vinsmaking

Øl- og vinsmakingar er populære aktivitetar for å krydre jubileet. Besøk vår rike vinkjellar og få smake på eit utval edle dråpar!

Mat og opplevingar

Eit godt måltid er ofte midtpunktet i ei vellukka feiring. Vi set saman menyar med utgangspunkt i sesongens råvarer, og tilpassar serveringa etter ønskje – som til dømes selskapsmiddagar, avlukke i buffet-restauranten, banquette-middag eller meir uformelle løysingar.

Ønskjer de å gjere meir ut av opphaldet, kan vi også hjelpe med aktivitetar som krydrar jubileet som til dømes ribtur, aperitiff i hotellhagen, lunsj, middag eller anna aktivitet i den koselege Mollaløa, historieforteljing i Veteranbilmuseet og guida turar til Skageflå.

Aperitiff i hagen ved hotellet i samband med jubileumsfest.

Skreddarsydd for dykk

Vi hjelper dykk med planlegginga frå start til slutt og set saman eit arrangement tilpassa gjesteliste, budsjett og ønskje. Slik kan de bruke tida saman med gjestane, medan vi tek hand om resten.

Ta kontakt med oss for eit skreddarsydd tilbod.

Union Suite Gamle Union

Rom & suiter

Jubilanten blir oppgradert til ein høgare romkategori. Dersom andre i følget også ønsker oppgradering, har vi rom & suiter som vi kan gje eit godt tilbod på. Utforsk våre rom og suiter. Vi tek atterhald om oppgraderingar basert på kapasitet.

Ta kontakt for tilbod på jubileum

Fyll ut kontaktskjema for å få tilbod på jubileum ved Union Geiranger. Velg Jubilee/Jubileum under Occasion for raskare handsaming.