Jentehelga 2027
Jentehelga ved Union Geiranger. Sett av helga 12. - 15. mars 2027!

12. - 15. mars 2027
Gi deg sjølv – og venninnene – ei helg de aldri gløymer
Nokon helgar er det berre deg og venninnene som tel – god mat, latter, ro og aktivitetar tilpassa ditt nivå.
Jentehelga ved Union Geiranger er tilbake i 2027, og vi lover at dette blir den beste utgåva så langt. I tre dagar er Geiranger og Union bakteppet for ei helg skreddarsydd for kvinner som vil lade batteria, inspirere kvarandre og feire venskapet.
Kva kan du vente deg?
Jentehelga er ein unik kombinasjon av aktivitetar, avslapping, inspirasjon og sosialt samvær – alt i spektakulære fjordomgjevnader.
Tidlegare år har helga bydd på:
- Inspirerande foredrag – med kjende og engasjerande gjester som set tankar i gang
- Rørsle og velvære – yoga, pilates og treningsøkter tilpassa alle nivå
- Union Spa – 1 500 m² med varme basseng, med moglegheit for å bestille massasje og velværebehandlingar
- Middag i Restaurant Fjorden – rikhaldig buffet med kjøtt, fisk, salatar og dessertbord
- Dans og musikk – kveldane er minst like gode som dagane
Programmet for 2027 er under planlegging – følg med for oppdateringar!
Stad og atmosfære
Union Geiranger ligg i hjartet av eit UNESCO-verdsarvområde, med Geirangerfjorden like utanfor døra. Her møtest natur, kultur og den gode stunda
Pris og pakke
Jentehelga vert seld som ein komplett pakke som inkluderer:
- Overnatting i dobbeltrom (enkeltrom kan bestillast mot tillegg)
- Frukost og middag
- Aktivitetar og program gjennom helga
Meir informasjon om pris og program kjem.
Meld deg på nyheitsbrevet – ver den første som får vite det!
Programmet er under planlegging, og vi legg ut meir informasjon etter kvart. Meld deg på nyheitsbrevet eller følg oss på sosiale medium for å vere den første som får vite datoar, program og prisar.
Vi kan allereie no love ei uforglemmeleg helg i vakre Geiranger!
