Lunsj ved Restaurant Julie

Sett smak på den gode stunda

Restaurantar og spisestadar

For kvar smak og anledning

Union Geiranger byr på fleire ulike spisestader, kvar med sin eigen karakter og atmosfære. Vel det uformelle og levande på Cafe Løsta, nyt utsikta frå Terrassen, eller set deg til bords i Restaurant Julie eller Restaurant Fjorden for lunsj eller middag.

Gjennom dagen tilbyr vi servering frå frukost til middag, i tillegg til mindre rettar og forfriskingar når du ønskjer noko å bite i mellom måltida. Vi tilbyr også rettar og bakst som du kan ta med.

For større arrangement, jubileum og markeringar tilbyr vi skreddarsydde løysingar med servering tilpassa anledninga. I våre selskapslokale kan vi ta imot opptil 480 personar til bankett.

Union sin populære pizza

Restaurantar og barar

Velg mellom ulike mat- og drikkekonsept, frå cafear til brasserie.

Restaurant Julie
Frå sommarmenyen
Frå sommarmenyen i Restaurant Julie

Brasserie

Restaurant Julie

I Restaurant Julie serverer vi lunsj frå kl. 12:00 til 17:00 med eit utval av salatar, smørbrød, pizza, burgarar, varme rettar og søtsaker. På kvelden, frå kl. 18:00 til 21.30, tilbyr vi à la carte med forrettar, hovudrettar, dessertar.

Middagsbuffet ved Union
Vår gode pizza ved buffeten
Gode dessertar ved raust dessertbord

Buffet og storstove

Restaurant Fjorden

I Restaurant Fjorden byr vi på ein rikhaldig buffet med gode råvarer. Buffeten hentar inspirasjon internasjonalt, men med gode norske råvarer, og alt er heimelaga med våre eigne oppskrifter.

Deilig lunsj med godt i glaset
Terrassen
Burger ute på Dronningterrassen

Uteservering til lunsj

Terrassen

Nyt ein deilig lunsj i sola ved den innbydande og lune terrassen ved Union.

Hagen ved Union
Bobler i boblene
Hagen ved Union Bad
Café Løsta

Servering ved Union Bad

Café Løsta

I Kafé Løsta kan du nyte eit lett måltid i badekåpa, eller du kan få servering i hagen eller ved bassenget.

Raudebuda café
Bakarvarer i Raudebuda

Bakervarer og kaffi

Raudebuda Kafé

Raudebuda er open om sommaren og tilbyr eit utval bakervarer, softis og god kaffi.

Union Bar
Salongen

Salongen

Union Bar

I tillegg til cocktails og andre drikkevarer serverer vi lettare rettar som spekemat, pizza og burger fram til 22:00.

Cæsarsalat
Pasta i Restaurant Julie

Mat laga frå grunnen – med respekt for råvarene

Ved Union Geiranger er mat ein viktig del av opplevinga. Her møter ferske råvarer, ekte handverk og internasjonal inspirasjon eit kjøkken som lagar maten frå grunnen av – utan unødvendige tilsetningsstoff og snarvegar. Anten du kjem for middag, lunsj eller ei smakfull pause mellom fjordbesøket, kan du sjå fram til gode smakar, nøye utvalde vinar og måltid tilpassa dine behov. Vi tek oss av detaljane, slik at du kan nyte stunda.

Eit matkonsept utvikla av Odd Ivar Solvold

Bak kjøkkenet på Union Geiranger finn du ein av dei mest meritterte norske kokkar. Odd Ivar Solvold er mannen som har forma matopplevinga på hotellet — og med ein karriere tufta på kompromisslaus respekt for råvarer og handverk, er det ingen som er betre eigna til oppgåva.

Fotbad i Union Spa
Vinkjellaren

Vinkjellaren

Løft måltidet med ein ekstra god vin! Vinkjellaren vår består av ei eksklusiv samling på 7000 flasker. Vi hjelper deg gjerne med å finne den rette vinen til ditt måltid.