Konferanse med notater

Med rammer som samlar

Kurs og konferanse i naturskjønne Geiranger

Ein møtestad for din agenda

Union Geiranger Resort & Spa kombinerer moderne møtefasilitetar med opplevingar som skaper engasjement, fellesskap og nye perspektiv.

Geiranger byr på eit breitt spekter av aktivitetar, frå fjord og fjell til spa, lokal matkultur og kulturhistorie. Her får du samle teamet utan støy og avbrekk. Det gjer det enkelt å setje saman eit program som balanserer fagleg innhald, relasjonsbygging og gode opplevingar.

Den gode summinga
Ei stund i badet
Aperitif i hagen

Der gode beslutningar tek form

Vi tek oss av alt rundt ditt møte eller arrangement, slik at de kan fokusere på agendaen.

Frå første førespurnad til siste deltakar har reist heim, får de faste kontaktpersonar som følgjer arrangementet gjennom heile prosessen. Saman planlegg vi ei samling tilpassa dykkar mål, deltakarar og ønsker.

Aktivitet med tur til Skageflå arrangert av Union Geiranger
Aperitif og historiefortelling i veteranbilgarasjen

Skreddarsy etter eigne ønsker

Vi kan hjelpe med alt frå ferdige pakkar til dykkar heilt eigne skreddarsydde oppleving. Kva med DJ i vår nattklubb, ølsmaking frå lokalt bryggeri i Mollaløa eller historieforteljing frå Mjelvafamilien med aperitiff i vår Veteranbilgarasje?

Bygg team i fjorden

Pizza i Restaurant Fjorden

Apetittvekkarar

Eit godt møte eller ei givande konferanse vert enno betre om mat og drikke hevar opplevinga. Vi kan sette saman pakkar som inkluderer snacks og drikke til møterommet, ein nydeleg lunsj med vår sagnomsuste pizza eller klassisk treretters servert i banquettesalen vår.

Fasilitetar

Våre møterom og konferansesalar har fleksibelt møblement og kan setjast opp etter ønske. Vårt konferanseteam bistår med teknisk assistanse, tilrettelegging og rask respons om det skulle vere behov for støtte.

Buick
Skriveblokker og pennar vert utdelt

Buick

70 - 90 deltakarar

Buick er perfekt om du ønskjer ein mellomstor sal til arrangementet ditt. Salen kan delast i to, og passar ypparleg som presserom og sekretariat ved større kongressar.

Storstova Geirangersalen

Geirangersalen

160 - 600 deltakarar

Geirangersalen er vår største festsal; perfekt til store kongressar, konferansar og bryllaup. Heve- og senkescena har stor fleksibilitet og byr på mange moglegheiter. Takhøgda i salen er 5,5 meter, og panoramavindu slepp inn mykje lys og natur.

Preikestolen i femte etasje

Preikestolen

30 - 110 deltakarar

Preikestolen er passeleg til mindre konferansar, feiringar, utstillingar og intime selskap. Preikestolen kan delast i to grupperom.

Cadillac

Cadillac

10 - 50 deltakarar

Cadillac gir dei rette rammene for møter eller mindre samlingar. Salen har teppelagt golv og eigen veranda.

Nash møterom for 4 - 12 deltakarar

Nash

4 - 12 deltakarar

Nash kan til dømes bli brukt som møterom for opp til 26 personar, eller som grupperom til 10 personar, ved å dele salen i to.

Foajeen ved Union Geiranger

Foaje

Eit perfekt tillegg

Foajeen blir ofte nytta til selskap, samlingar og aperitiffar, men også som pause- eller utstillingsareal. Salen ligg i direkte tilknyting til Geirangersalen og fleire andre møterom. Foajeen har eigen inngang, tilrettelagt for blant anna innkøyring av bilar.

Tid for Spa - åleine eller saman

Hotellet sine fasilitetar og tilbod er også med på å gi di konferanse det lille ekstra.

Behandling ved Union Spa

Behandlingar

Terapautane våre har utdanning, lang erfaring og ønskjer å gje deg det beste. Vi veit kor stor effekt naturen har på kropp og sinn. Difor inviterer vi deg til å sette av godt med tid, om du kan. Då kan du først gå ein tur i fjell, skog eller mark, og så kome inn for ønska behandling.

Saunarituale i Union Spa

Saunarituale

Kvar ettermiddag kan du oppleve ei avslappande og varmande stund for sansane i badstua i Union Spa. Om du har inngang til spa er dette inkludert.

Relax lounge

Avslapningssoner

Vi har fleire stover som rommar stillheit og kvile. Set mobilen på lydlaus, og finn roa i ein god avslapningsstol anten i peisstua, i biblioteket eller eit stillerom.

Japansk varmebad i Union Spa

Japansk varmebad

Japansk varmebad varmer opp stive musklar og ledd, og med nydeleg utsikt over fjella langs fjorden

Ei samlande stund i utandørsbassenget

Union Bad

Union Bad er ope kvar dag frå 06:00-22:30.

Kvifor velge Union Geiranger til ditt neste møte?

Union Geiranger er meir enn eit vanleg konferansehotell. Når ein legg arrangement hos oss, lovar vi at du vil føle at ditt møte, event eller konferanse har full fokus frå oss.

Kundereferanser

- Eit haustarrangement i særklasse

«Allereie i planleggingsfasen opplevde vi eit godt og profesjonelt samarbeid, og det var klasse over arrangementet frå første til siste time. Fantastiske tilsette, flotte omgjevnader og ei heilt spesiell stemning gav oss ei minnerik oppleving som skaper samhald og god kultur.» Eva Brox, SVP HR / CCO Sperre Air Power AS

- Union leverte langt over det som var forventet

«Vi storkoste oss fra begynnelse til slutt. Det faglige, middagene, fjellturen, after-hike, festen, rommene og stemningen – ALT! Det har vært en stor boost for oss, og vi har følt oss så godt ivaretatt gjennom hele oppholdet. Teamet på Union Geiranger leverte langt over det som var forventet, og vi sitter igjen med en fantastisk opplevelse.» Torill Standal Eliassen, CEO Conta AS

- Et helt fantastisk opphold

«Vi i Protector Forsikring hadde et helt fantastisk opphold på Union Hotel i juni. Både i planleggingsfasen og under selve arrangementet var hotellet enestående å samarbeide med. Hotellet er nydelig, maten var utmerket, og servicen var i absolutt særklasse. Samtlige medarbeidere var svært fornøyde med turen, og vi kan ikke få fullrost de ansatte nok for hvordan de tok vare på oss. Vi gir våre varmeste anbefalinger.» Line Engelmann-Kokkim, Direktør Juridisk Avdeling, Protector Forsikring

- En innertier for gjengen vår

«Tusen takk for en strålende helg i Geiranger! Dere overgikk mine forventninger i profesjonalitet og kvalitet. Maten og måltidene står igjen som selve kronen på opplevelsen vår. Dette ble en virkelig innertier for gjengen vår på tur, og en referanse som vi vil dra med oss lenge. Tilbakemeldingene er kun gode, og de ansatte verdsatte virkelig hvor proffe de hotellansatte var! Rett og slett en fantastisk opplevelse!» Mikkel Frodahl, General Manager Avery Dennison NTP AS

- Vi skal tilbake!

«Vi gjennomførte et ukelangt, internasjonalt arrangement med nærmere 480 deltakere, og samarbeidet med Union Geiranger overgikk alle våre forventninger. Fra planlegging til gjennomføring møtte vi tilgjengelige og svært serviceinnstilte eiere, ledelse og medarbeidere. Evnen til å håndtere et arrangement av denne størrelsen med fleksibilitet og høy kvalitet ga oss trygghet gjennom hele prosessen. Vi anbefaler varmt Union Geiranger som samarbeidspartner for større arrangementer, konferanser og grupper. De leverer kvalitet, service og profesjonalitet som skaper gode opplevelser for arrangører og deltakere.» Line og Arnfinn Sørhaug, The 6th Europan Healey Meeting 2023 PS: Vi skal tilbake!

Ta kontakt for å motta tilbod