Julebord på Union
Gled deg til ei julebordshelg med gode smakar, juletradisjonar og god stemning. På Union Geiranger kombinerer vi tradisjonsrik julemat og dans med avslappande stunder i Union Spa. Nyt førjulstida med både fest og velvære!

Vi tilbyr julebord i både midtveke og i helgane, med eigne pakkar tilpassa ulike grupper:
- Midtveke (onsdag–torsdag og torsdag–fredag): Halvpensjon og inngang Union Spa – frå kr. 2 060,- per person i dobbeltrom
- Helg (fredag–laurdag): Halvpensjon – frå kr. 2 475,- per person i dobbeltrom
- Heile helga (fredag–søndag): Halvpensjon – frå kr. 4 950,- per person
Legg årets julebord til Union Geiranger og kom til dekka bord. I midtveka får du ein ekstra god pakke med inngang til Union Spa inkludert.
Program for julebordshelgane våre
Juletradisjonar, feststemning og velvære
Gled deg til ei førjulshelg fylt med gode smakar, juletradisjonar og feststemning ved Union Geiranger!
Nyt julekaker og kaffi i stemningsfulle Dronningsalongen, senk skuldrane i Union Spa eller ta eit forfriskande bad i utandørsbassenget.
Om kvelden inviterer vi til tradisjonsrik julebuffet, før dansegolvet lokkar. DJ Marianne Jemtegård og Peder Trompet med DJ sørgjer for musikk, energi og feststemning under julebordshelgane. Finn fram danseskoa og nyt kvelden!
Praktisk informasjon
Bordsetting til julebuffet: Dersom du ikkje har fått tildelt tidspunkt for julemiddagen, ber vi deg avtale dette med restauranten ved ankomst.
Spabehandling: Vil du unne deg litt ekstra velvære? Vi anbefaler å bestille behandling hos ein av terapeutane våre i god tid før opphaldet.




Anbefalt innhald

Julestemning midt i veka
Ta ein pause frå førjulsstria og unn deg eit opphald med julestemning på menyen og låge skuldrer i Union Spa. På Union Geiranger ventar varme basseng, gode juletradisjonar og eit bugnande julebord.

Fjordcruise Ålesund - Geiranger
Opplev reisa frå Ålesund til Geiranger slik ho er meint å opplevast – frå sjøen. På dette fjordcruiset, som tek mellom 2,5 og 3 timar, vert du omgjeven av majestetiske fjell, djupe fjordar og spektakulære fossefall heile vegen fram til Geiranger sentrum.
- Sesong: Sommar, Vår, Vinter, Haust