Workshop for kvinner midt i livet
6.–8. november 2026 | Union Geiranger | Maks 15 deltakarar Union Retreat er ei helg for kvinner som ønskjer å gi seg sjølve tid og rom. Til å forstå kroppen betre, hente ny energi og utforske nye vegar vidare – i fellesskap med andre kvinner i same fase av livet.




Ei helg for ny energi, refleksjon og retning
Midt i livet skjer det mykje. Kroppen endrar seg, kvardagen er full, og kanskje kjenner du på eit behov for å stoppe opp, forstå kva som skjer – og finne ut kva du ønskjer meir av framover.
Retreaten er avgrensa til 15 deltakarar, slik at det blir god tid og rom for den enkelte, og for samtalar, refleksjon og fellesskap i ei lita gruppe.
Gjennom helga kombinerer Kristin Evjen kunnskap og refleksjon med praktiske øvingar, yoga, bevegelse og breathwork. Alt med mål om å gi deg kunnskap og verktøy du kan ta med deg vidare i kvardagen.
Kunnskap, verktøy og fellesskap
Tida før, under og etter overgangsalderen – perimenopause, menopause og postmenopause – kan føre med seg både kroppslege, mentale og emosjonelle endringar.
Gjennom teori får du innsikt basert på forsking og erfaring. Praktiske øvingar gir deg verktøy for å møte ulike situasjonar og endringar, medan samtalar og refleksjon gir rom for å dele erfaringar og lære av kvarandre.
Gjennom helga arbeider vi mellom anna med:
- kunnskap om fasane før, under og etter overgangsalderen
- energi, balanse og kroppsbevisstheit
- yoga og bevegelse
- pusteteknikkar og breathwork
- praktiske øvingar og verktøy for kvardagen
- refleksjon, samtalar og erfaringsdeling
Om Kristin Evjen
Kristin har arbeidd med kvinner gjennom store delar av yrkeslivet sitt og følgt mange gjennom perimenopause, menopause og postmenopause. Ho har også sjølv erfart desse fasane – ei tid ho skildrar som både krevjande og frigjerande.
Gjennom mange år har ho samla kunnskap, erfaringar og verktøy som kan gjere denne livsfasen lettare å forstå og navigere. Under Union Retreat deler ho dette i ei trygg ramme med rom for både læring, refleksjon og fellesskap.

Ei helg i Geiranger
Mellom øktene får du tid til å lande og nyte dagane på Union Geiranger. Fjordlandskapet, rolege novemberdagar og resorten gir ei naturleg ramme rundt ei helg der du kan rette merksemda litt meir mot deg sjølv.
Kanskje er dette gåva du gir deg sjølv i år? Kanskje saman med ei venninne?
Påmelding – avgrensa til 15 deltakarar
For å skape ei personleg retreatoppleving med god tid til den enkelte, er det maks 15 plassar denne helga.
Påmelding skjer direkte til Kristin Evjen:
Telefon: 932 12 366