Vi anbefalerBegrensa tilbod

Festspel-tilbod ved Union Geiranger

2.oktober - 4.oktober kan du oppleve Festspela i Geiranger. Festspel-tilboda ved Unions inkluderer konsert med Nordic Tenors i Geirangersalen og Pubkonsert i foajeen på Union – samt overnatting med frukost og middag for to personar.

Familiepakke for familien

Festspela ved Union Geiranger

Når Festspela kjem til Geiranger, fyllest bygda med musikk og god stemning. Kombiner konsertopplevingane med ei helg på Union Geiranger, med gode måltid og tid til å nyte hotellet og Geiranger mellom høgdepunkta. Vi har laga to gode tilbod til deg, der du får med billettar til Festkonserten med Nordic Tenors og pubkonsert med Oslo Strykekvartett i Festspelhelg-pakken, ein pakke for deg som ønsker berre ei natt.

Heil helg med 2 konsertar og overnatting

2.–4. oktober 2026 | 2 netter

Gjer ei heil helg ut av Festspela i Geiranger. Bu på Union Geiranger frå fredag til søndag og få med deg både festkonserten med Nordic Tenors i Geirangersalen og pubkonserten laurdag.

Pakken inkluderer:

  • To netter i vald romkategori
  • Frukost begge morgonane
  • Middag
  • Billett til festkonserten med Nordic Tenors laurdag
  • Billett til pubkonserten laurdag

Frå kr 9 500 for to personar
Frå kr 5 350 for éin person

Pakken gjeld opphald frå fredag 2. oktober til søndag 4. oktober og føreset to netter. Priseksempela gjeld Union Classic-rom, men du står fritt til å velje annan romkategori mot eit lite tillegg i prisen.

Bestill fredag til søndag her

Festkonsert med Nordic Tenors med overnatting

3.–4. oktober 2026 | 1 natt

Kombiner festkonserten med eit godt døgn på Union Geiranger. Nyt middag, overnatting og frukost – og opplev Nordic Tenors på scena i Geirangersalen laurdag kveld.

Pakken inkluderer:

  • Ei natt i vald romkategori
  • Frukost
  • Middag
  • Billett til festkonserten med Nordic Tenors laurdag

Frå kr 5 250 for to personar
Frå kr 3 180 for éin person

Priseksempela gjeld Union Classic-rom, men du står fritt til å velje annan romkategori mot eit lite tillegg i prisen.

Bestill laurdag - søndag her

Om konsertane ved Union Geiranger

Nordic Tenors i Geirangersalen

Nordic Tenors i Geirangersalen

Laurdag 3. oktober kl 17:30 blir det konsert med Nordic Tenors i Geirangersalen på Union Geiranger. Dei tre tenorane er kjende for vakker stemmeprakt, lun humor og framføringar på høgt nivå.
Om Nordic Tenors
Dei tre tenorane Jan-Tore Saltnes, Nils Georg Nilsen og Espen Solsbak er kjende for å kombinere sterke stemmer, varme og humor med framføringar på høgt nivå. Repertoaret spenner frå klassiske perler og kjende melodiar til musikalske overraskingar – alltid formidla med overskot, presisjon og glimt i auget.

Oslo Strykekvartett

Festivalpub

Laurdag 3. oktober kl 21:30, Foajeen ved Union Geiranger

Festivalpubben med Britt Pernille Frøholm og Oslo Strykekvartett i Foajeen ved Union Geiranger.
Om artistane
Oslo Strykekvartett er kjende for å bevege seg leikent mellom klassiske meisterverk, nordiske tonar og overraskande arrangement frå heilt andre sjangrar. Til Festspelpuben får dei med seg Britt Pernille Frøholm, ein av våre fremste folkemusikarar, med røter i tradisjonen frå Nordfjord og Sunnmøre.

Denne kvelden blir det musikalsk spennvidde, nærleik til artistane og god pubstemning. Publikum kan vente seg ein uformell konsert med høgt nivå, varme, overraskingar og musikk som går på tvers av sjangrar og tradisjonar.

Her møtest kammermusikk og folkemusikk i ekte festspelånd – tett på, levande og utanom det heilt vanlege.

Bare Egil og Aslag

Barneshow med Egil & Aslag

Under Festspel-helga i haustferien kjem Bare Egil og Aslag til Geiranger med oppfølgjaren til det populære barneshowet sitt! Dei to folkekjære artistane byr på eit småsprøtt og energisk show med masse musikk, humor og overraskingar – denne gongen med synth-trommer, keytar og TikTok-inspirerte dansetrinn i jakta på å bli både hippe og moderne.

Eit show som garantert vil få både små og store til å le – og ein ekstra god grunn til å leggje haustferien til Union Geiranger.

Tid og stad:
Union Dancing laurdag 3. oktober kl 15:30

Pris:

Kr. 200,- per voksen

Kr. 100,- per barn

Kr. 500,- for familie

I tillegg byr programmet på Barnas Festspel, haustmarknad og festivalgate, flytande konsert med Eva Weel Skram, Pub-kor på Gildetun ungdomshus og festspelgudsteneste i Geiranger kyrkje og mykje meir.

Sjå fullt program

Bestill billettar