Bu lengre, spar meir

Haustferie i Geiranger

Ta med familien til Geiranger i haustferien og spar opp til 25%! Bu ei natt og spar 20%, bu lengre* og spar 25% på dei følgande nettene!

Familiepakke for familien

Familiepakken inkluderer

  • Overnatting i familierom for 2 vaksne og 2 barn
  • Frukost
  • Middag
  • Inngang til Union Bad
  • Familieaktivitetar på hotellet
  • 20 % rabatt ved 1 natt
  • 25 % rabatt ved 2 netter eller meir

Pris frå 4 128 kr per natt for familien.
Ved 2 netter eller meir: frå 3 870 kr per natt.

Barnebasseng
Innandørsbasseng
Familierom
Leikerom
Kos med mormor

Bading og familietid i Union Bad

Bassenga er ein viktig del av haustferien på Union Geiranger – og ein sikker vinnar uansett kva vêret finn på.

Som gjest har heile familien inngang til Union Bad inkludert i opphaldet. Her kan de veksle mellom innandørs- og utandørsbasseng og nyte gode badestunder saman. Perfekt etter ein tur ute i den friske haustlufta – eller som dagens hovudaktivitet når det freistar meir å vere inne.

Dette skjer i haustferien

Haustferien på Union Geiranger byr på meir enn bading og gode måltid. Vi fyller dagane med aktivitetar og små høgdepunkt for familien.

Magiske Robin ved Union

Magiske Robin

5.–10. oktober

Gjer dykk klare for magi! Magiske Robin kjem til Union Geiranger og inviterer til både trylleshow og trylleskule.

Her blir det latter, overraskingar og kanskje nokre nye triks å ta med heim. Ein sikker favoritt for barna – og vi skal ikkje sjå bort frå at dei vaksne blir minst like fascinert.

Bålkos og familieaktivitetar

Det enkle er ofte noko av det finaste. I løpet av haustferien inviterer vi til familieaktivitetar og hygge på hotellet, med tid til å vere saman mellom bading, måltid og opplevingar i Geiranger.

Festspel-helg for små og store

2.-4. Oktober

Under Festspel-helga blir det ekstra mykje liv i Geiranger. På programmet står opplevingar for heile familien – og laurdag kjem to av landets mest folkekjære barneunderhaldarar til Union Geiranger.

Bare Egil og Aslag

Bare Egil & Aslag – barneshow

Laurdag 3. oktober kl. 15.30 i Union Dancing

Bare Egil og Aslag er tilbake med oppfølgjaren til publikumssuksessen sin – denne gongen med synth-trommer, keytar, sminke og TikTok-inspirerte dansetrinn i eit iherdig forsøk på å bli både hippe og moderne.

Det går sjølvsagt ikkje heilt etter planen.

Gjer dykk klare for eit ellevilt barneshow med musikk, humor og passe mykje tull – for barn i alle aldrar.

Merk: Billettar til barneshowet er ikkje inkludert i familiepakken og må kjøpast separat.

Pris:

Kr. 200,- per voksen

Kr. 100,- per barn

Kr. 500,- for familie

Ut på hausteventyr i Geiranger

Hausten er ei nydeleg tid for å oppleve Geiranger. Naturen skiftar farge, tempoet er rolegare og fleire familieopplevingar ligg like utanfor hotelldøra.

Zipline i Geiranger

Zipline ved Geiranger Naturpark

Klar for litt ekstra fart? I Geiranger Naturpark kan familien utfordre seg i zipline og via ferrata, med ulike nivå og aktivitetar tilpassa både små og store eventyrarar.

Westerås gard

Westerås Gard

Ta turen opp til Westerås Gard, hels på dyra og nyt utsikta over Geiranger. For dei som vil gå litt lenger, er turen mot Storsæterfossen ei flott haustoppleving.

Norsk Fjordsenter

Oppdag historia om fjorden, naturen og verdsarven. Norsk Fjordsenter har interaktive utstillingar og aktivitetar som gjer besøket interessant også for dei yngste i familien.

Litt ferie for dei vaksne òg

Haustferie handlar om familietid – men det betyr ikkje at dei vaksne skal gløyme å nyte opphaldet.

Union Spa

Start dagen med god frukost, kom tilbake til varme basseng etter haustturen og set dykk til bords for middag om kvelden. Vil de ha litt ekstra tid til velvære, kan de også bestille behandling i Union Spa.

Slik kan barna få den aktive haustferien dei ønskjer seg, medan dei vaksne faktisk får kjenne at dei har vore på ferie.

Gjer haustferien til noko å glede seg til

Nokre dagar i Geiranger gir familien tid til å vere saman – utan at kvar time må planleggast. Bad når de vil, bli med på aktivitetar, utforsk Geiranger eller finn ein god plass og nyt utsikta mot fjorden.

Bu 1 natt og få 20 % rabatt.
Bu 2 netter eller meir og få 25 % rabatt.

Pris frå 4 128 kr per natt for 2 vaksne og 2 barn.
Frå 3 870 kr per natt ved 2 netter eller meir.

Vilkår og betingelsar

*Tilbodet gjeld for bestillingar gjort i perioden frå 31. august og fram til 20. september. Barneshow med Bare Egil og Aslag er ikkje inkludert i opphaldet.