Korhelg med Prots
Ta med koret til Geiranger og bli med på ei inspirerande helg med Per Oddvar «Prots» Hildre under Festspela i Geiranger, 2.-4. oktober 2026. Gjennom helga blir det korseminar, Pub-kor, pop-up-konsert og song under festspelgudstenesta i Geiranger kyrkje – alt med ein av dei store inspiratorane i norsk korliv. Union Geiranger har eigne gode tilbod for kor som ønskjer å kombinere korseminaret og Festspela med ei sosial helg i Geiranger.

Kortur til Geiranger
Kva med å gjere korseminaret til årets kortur?
På Union Geiranger bur de midt i Geiranger, med kort veg til både seminar, konsertar og arrangement gjennom Festspela. Mellom slaga kan de samlast rundt gode måltid, nyte Union Spa eller berre senke skuldrane og vere saman.
Vi har gode gruppetilbod for kor denne helga 2. - 4. oktober, og hjelper dykk gjerne med å setje saman eit opphald som passar gruppa.
Ta kontakt med oss for pris og tilbod til ditt kor:
booking@hotelunion.no, tlf 70 26 83 00
Korseminar med
Per Oddvar «Prots» Hildre
Har du lyst på ei helg fylt med songglede, inspirasjon, fellesskap og musikalsk utvikling?
Under Festspela i Geiranger blir kor og songglade frå nær og fjern inviterte til korseminar med Per Oddvar «Prots» Hildre.
Kom åleine, saman med nokre frå koret – eller ta med heile gjengen.
Gjennom helga skal deltakarane synge, lære og utforske kva som skjer når mange stemmer møtest. Prots er kjend for evna til å skape entusiasme, få folk til å våge litt meir og vise at korsong først og fremst handlar om glede, fellesskap og det å skape noko saman.
Seminaret passar både for etablerte kor som ønskjer fagleg og musikalsk påfyll, og for alle som rett og slett er glade i å synge.

Ei heil helg med song
Helga byr på fleire økter saman med Prots, med høve til å utvikle seg som korsongar og oppleve krafta i å synge saman med andre.
Fredag
Startar helga med Pub-kor på Gildetun ungdomshus.
Laurdag
Blir det to seminarøkter før deltakarane på kvelden tek songen med seg til Union Geiranger for ein pop-up-konsert i foajeen.
Søndag
Blir det ei stemningsfull avslutning når seminardeltakarane er med og syng under festspelgudstenesta i Geiranger kyrkje.
Dette blir med andre ord ikkje ei helg der de berre øver. De får også bruke songen, møte publikum og skape gode opplevingar saman.
Program for korseminaret
Fredag
18.00–19.30 – Korseminar
Laurdag
10.00–13.00 – Korseminar
14.00–17.00 – Korseminar
Ca. 21.15 – Pop-up-konsert i foajeen på Union Geiranger
Søndag
10.00–12.30 – Seminar og song under festspelgudstenesta i Geiranger kyrkje
Stad: Gildetun ungdomshus, ca. 200 meter ovanfor Union Geiranger ved FV63
Pris for korseminaret: kr 750 per person
Pub-kor med Prots
Fredag kveld blir det Pub-kor med Prots på Gildetun ungdomshus – eit ope, sosialt og uhøgtideleg arrangement for alle som er glade i å synge.
Du treng verken kunne notar, ha sunge i kor før eller førebu deg. Saman lærer de ein song steg for steg, under leiing av Prots.
For deltakarane på korseminaret blir Pub-koret ein sosial og musikalsk start på festspelhelga. Andre kan også kjøpe billett og bli med, sjølv om dei ikkje deltek på resten av seminaret.
Seminardeltakarar får 50 % rabatt på billetten til Pub-kor.
Billettar til pub-koret finn du her
Bruk rabattkoden PROTS når du bestiller billett via TicketCo.
Fredag 2. oktober kl. 22.00
Dørene opnar kl. 21.00
Gildetun ungdomshus
Korhelga de hugsar
På Union Geiranger kan koret kombinere Festspela med gode måltid, spa og tid saman – midt i eit av Noregs mest spektakulære fjordlandskap.
Union Geiranger har eigne tilbod for kor og grupper denne festspelhelga.
Ta kontakt med oss, så hjelper vi dykk med å planleggje opphaldet.
booking@hotelunion.no, tlf 70 26 83 00
Anbefalt innhald

Festspel-tilbod ved Union Geiranger
2.oktober - 4.oktober kan du oppleve Festspela i Geiranger. Festspel-tilboda ved Unions inkluderer konsert med Nordic Tenors i Geirangersalen og Pubkonsert i foajeen på Union – samt overnatting med frukost og middag for to personar.

Haustferie - Familiepakke
Early bird! Bestill tidleg å spar 20% på familiepakke i haustferien. Pakken inkluderer frukost og middag, samt inngang til Union bad for to vaksne og to barn.