Mat- og vinhelg
16. - 18. oktober inviterer vi til vår populære italiensk inspirerte helg med fokus på mat og vin. Dette er ei heil helg der Union Geiranger hentar det beste frå det italienske kjøkkenet — og byr på ei oppleving du ikkje gløymer.

16. - 18. oktober
Under mat- og vinhelga står italienske smakar i sentrum. I buffeten finn du mellom anna fersk sjømat, italienske skinker, heimelaga pasta og pizza frå steinomn, inspirert av ulike mattradisjonar frå Italia.
Gjennom helga inviterer vi også til vinsmaking med utvalde italienske vinar, der du får høve til å bli betre kjend med både druer, regionar og smakar.
Enten du kjem saman med vener, familie eller som par, er dette ei helg for deg som set pris på god mat, godt selskap og nye smaksopplevingar.
Meir informasjon om underhaldning og vinsmaking kjem snart!
Anbefalt innhald

Fjordcruise Ålesund - Geiranger
Opplev reisa frå Ålesund til Geiranger slik ho er meint å opplevast – frå sjøen. På dette fjordcruiset, som tek mellom 2,5 og 3 timar, vert du omgjeven av majestetiske fjell, djupe fjordar og spektakulære fossefall heile vegen fram til Geiranger sentrum.

Hausten på Union Geiranger
Hausten på Union byr på eit rikt program fylt med musikk, mat, kultur og gode opplevingar – for familiar, vennegjenger og alle som vil nyte det beste av norsk natur og festleg samvær. Her er smakebitar på det som ventar.

Ribbåt med tur til Skageflå
Bestill båttransport til startpunktet for turen til Skageflå og opplev Geirangerfjorden frå sjøen. Vel mellom éin veg eller tur/retur, og kombiner båtturen med ei spektakulær fjellvandring til den historiske fjellgarden Skageflå.
- Nivå: Medium
- Sesong: Sommar
- Varigheit: ca 3 timar