Festspela i Geiranger
2.oktober - 4.oktober kan du oppleve Festspela i Geiranger.

Opningskonsert
Festivalen opnar i Geiranger kyrkje med Oslo Strykekvartett og Kåre Nordstoga, fredag 2. oktober kl 20:00. Oslo Strykekvartett er eit av Skandinavia sine mest anerkjende kammerensemble, medan Kåre Nordstoga er rekna som ein av Europas fremste konsertorganistar.
Unik konsert på fjorden
Eva Weel Skram kjem også til Festspela. Ho skal halde konsert om bord på Geirangerfjord III, i stille ferd gjennom verdsarvfjorden. Med Dei sju systrene som kulisse blir dette ei ny satsing for Festspela, i samarbeid med Geiranger Fjordservice.

Festspela på Union Geiranger
Nordic Tenors i Geirangersalen
Laurdag 3. oktober kl 17:30 blir det konsert med Nordic Tenors i Geirangersalen på Union Geiranger. Dei tre tenorane er kjende for vakker stemmeprakt, lun humor og framføringar på høgt nivå. Denne konserten er inkludert om du bestiller Union Geiranger sin festspelpakke. Bestill her
Festivalpub
Rett etter konserten med Nordic Tenors, startar Festivalpubben med Britt Pernille Frøholm og Oslo Strykekvartett i Foajeen ved Union Geiranger.
Barneshow med Egil & Aslag
Under Festspel-helga i haustferien kjem Bare Egil og Aslag til Geiranger med oppfølgjaren til det populære barneshowet sitt! Dei to folkekjære artistane byr på eit småsprøtt og energisk show med masse musikk, humor og overraskingar – denne gongen med synth-trommer, keytar og TikTok-inspirerte dansetrinn i jakta på å bli både hippe og moderne.
Eit show som garantert vil få både små og store til å le – og ein ekstra god grunn til å leggje haustferien til Union Geiranger.
Tid og stad:
Union Dancing laurdag 3. oktober kl 15:30
Pris:
Kr. 200,- per voksen
Kr. 100,- per barn
Kr. 500,- for familie
I tillegg byr programmet på Barnas Festspel, haustmarknad og festivalgate, Pub-kor på Gildetun ungdomshus og festspelgudsteneste i Geiranger kyrkje.
Anbefalt innhald

Haustferie i Geiranger
Ta med familien til Geiranger i haustferien og spar opp til 25%! Bu ei natt og spar 20%, bu lengre* og spar 25% på dei følgande nettene!

Festspel-tilbod ved Union Geiranger
2.oktober - 4.oktober kan du oppleve Festspela i Geiranger. Festspel-tilboda ved Union inkluderer konsert med Nordic Tenors i Geirangersalen samt Pubkonsert i foajeen (Hei helg-pakken) – samt overnatting med frukost og middag for to personar.

Spapakke
Overnatting med frukost og middag, samt inngang til Union Bad og Union Spa.