Vinkjellaren
Familien Mjelva har gjennom mange år bygd opp ei unik vinsamling som i dag tel rundt 7 000 flasker. Frå denne samlinga har vi sett saman eit vinkart som gir deg moglegheita til å utforske vin frå nokre av verdas fremste produsentar og vinområde.

Bak vinkartet på Union Geiranger ligg ei vinsamling med særleg tyngde innan Bordeaux, røde og hvite Burgund og USA – supplert med handplukka vinar frå Champagne, Italia og Tyskland og fleire av verdas store vinområde.
Her finn du alt frå klassiske champagnehus som Krug, Dom Pérignon og Louis Roederer , til ettertrakta produsentar som Domaine Leflaive, Domaine Ramonet, Armand Rousseau og Domaine de la Romanée-Conti. Bordeaux-utvalet rommar ikon som Château Latour, Lafite Rothschild, Mouton Rothschild, Margaux, Haut-Brion, Cheval Blanc og Petrus, medan Italia er representert med mellom anna Sassicaia og andre sterke namn frå Pimonte, Toscana og Veneto
Vinkartet er sett saman for deg som vil finne den rette vinen til måltidet – anten du ser etter ein moden årgang, ein stor klassikar eller noko nytt å oppdage. Vinkjellaren er ikkje open for omvising, men utvalet kan bestillast frå vinkartet i restauranten.
God mat fortener god vin. Hos oss får måltidet følgje av flasker valde med kunnskap, lidenskap og respekt for den gode smaksopplevinga.
Du kan bla i menyen oppe i venstre hjørne av menyen: Sjå vinkjellermeny