Spaterapeut
Som spaterapeut gir du gjestane behandlingar av høg kvalitet og er med på å skape ei heilskapleg spaoppleving. Stillinga kombinerer behandlingsarbeid med oppgåver i resepsjonen, slik at du kan steppe inn der det trengst og bidra til god drift i heile spaavdelinga.

Bli med på laget i Geiranger
Union Geiranger Resort & Spa er eit historisk familiehotell inst i Geirangerfjorden, med fjell, fossar og verdsarv rett utanfor døra. Kvart år tek vi imot gjestar frå heile verda, og vi legg vekt på at kvart møte skal kjennast personleg og ekte. No ser vi etter fleire gode kollegaer som vil vere med og skape minneverdige opplevingar.
Ein ekstra bonus: Bur du i Geiranger og er i arbeid, kan du få sletta delar av studielånet ditt. Etter eitt år kan du få sletta opptil 25 000 kroner, og du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt. Les meir om vilkåra hos Lånekassen.
Arbeidsoppgåver og ansvar
Som spaterapeut gir du gjestane behandlingar av høg kvalitet og er med på å skape ei heilskapleg spaoppleving. Stillinga kombinerer behandlingsarbeid med oppgåver i resepsjonen, slik at du kan steppe inn der det trengst og bidra til god drift i heile spaavdelinga.
- Spabehandlingar som massasje, ansikts- og kroppsbehandlingar
- Kartlegging av behova til gjesten og personleg tilpassa råd
- Meirsal av behandlingar, pakkar og hudpleieprodukt
- Klargjering og rydding av behandlingsrom
- Arbeid i sparesepsjonen ved behov
- Varetelling og bestilling av produkt
- Deltaking i opplæring og produktkurs
Kompetansekrav
- Utdanning innan massasje, hudpleie eller tilsvarande terapeutfag
- Erfaring som terapeut, gjerne frå hotellspa
- Erfaring frå resepsjon, service eller bookingsystem
- Gode språkferdigheiter i norsk, svensk eller dansk og engelsk, både munnleg og skriftleg. Fleire språk er ein bonus.
- Gode digitale ferdigheiter i Office og andre relevante system
Kven er du?
Du er ein person som får energi av menneske og kjenner ekte glede ved å gi gjestane ei god oppleving. Du møter alle med varme og merksemd, og du er nøyaktig og oppteken av kvalitet i alt du gjer.
Du trivst i eit lag der vi samarbeider på tvers av avdelingane, deler kunnskap og heiar på kvarandre. Samtidig finn du gode løysingar sjølv og held roa og oversikta når det er som travlast. Du er fleksibel og tilpassar deg lett skiftande arbeidstider, oppgåver og behov.
Vil du gi gjestane våre behandlingar dei hugsar lenge etter at dei har reist heim? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Vi tilbyr
- Ein trygg arbeidsplass på eit historisk familiehotell i vakre omgivnader i Geiranger
- Eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente og dyktige kollegaer
- Nødvendig opplæring i rutinane og standardane våre
- Tilgang på personalbustad
- Moglegheit for sletting av studielån når du bur og jobbar i Geiranger
- Veksling mellom travle og rolege arbeidsdagar
- Gode lønsvilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Praktisk informasjon
- Avdeling: Spa
- Stillingsprosent: 100 %
- Tilsetjing: Sesong
- Oppstart: Etter avtale
- Rapporterer til: Spaansvarleg
- Søknadsfrist: Snarast og seinast 10.12.2026 (søknader blir vurderte fortløpande)
Kontaktperson
Thea Moldskred
Spaansvarleg, Union Spa
Tlf. +47 476 07 694
Søk på stilling
Vel spaterapeut i skjema under for å søke på rett stilling


