Jobb med verda, bu ved fjorden

I hjartet av verdsarven finn du ein arbeidsplass utanom det vanlege. Ved Union Geiranger Resort & Spa møter vi gjestar frå heile verda – med varme velkomstar, stolte tradisjonar og eit ekte engasjement for hotellfaget. Sidan 1891 har generasjonar av medarbeidarar vore med på å skape opplevingar som gjestane tek med seg vidare. No ser vi etter nye talent som vil vere med på å forme framtida. Her får du utvikle deg saman med dyktige kollegaer, lære av erfarne fagfolk og byggje ei karriere i eit internasjonalt miljø – midt i noko av den vakraste naturen verda har å by på.

Kollegaer ved Union

Kvifor velje Union Geiranger?

Store event er ein av våre spesialitetar

Lær av dei beste

Utvikle deg i eit fagmiljø med høge ambisjonar, solid erfaring og stor respekt for handverket. Frå gastronomi og vertskap til spa, leiing og hotelldrift.

Resepsjonist ved Union Geiranger

Heile verda kjem til deg

Hos oss møter du gjestar og kollegaer frå ulike land og kulturar. Du får internasjonal erfaring og verdifull kompetanse – utan å måtte flytte utanlands.

Union Geiranger Resort & Spa

Bli ein del av historia

Varme velkomstar sidan 1891. Gjennom fire generasjonar har familien Mjelva utvikla hotellet, med medarbeidarane som ein avgjerande del av historia.

Turar i vakre omgjevnadar

Kvardagsliv utan om det vanlege

Fjord, fjell og friluftsliv rett utanfor døra. I Geiranger kan du kombinere ein spennande jobb med naturopplevingar året rundt.

Jobben kan kombinere ulike oppgåver

Rom for ambisjonar

Vi ser etter menneske som er nysgjerrige, engasjerte og vil noko. Hos oss finst det moglegheiter innan ei rekkje fagområde, og rom for å ta ansvar og utvikle seg og verksemda vår.

Vakre vinteren i Geiranger

Bygg karriere og reduser studielån

Visste du at du kan få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt får Lånekassen kvart år dersom du bur i Geiranger? Union er ope heile året, og gjer det mulig å bu å leve her året rundt.

På jobb i Union Spa

Bygg karriere. Reduser studielånet.

Visste du at du kan få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år dersom du bur i Geiranger og oppfyller vilkåra frå Lånekassen?

Stranda kommune er omfatta av den statlege ordninga for sletting av studielån i distriktskommunar. Det betyr at du kan kombinere fagleg utvikling ved Union Geiranger med ein betydeleg økonomisk fordel.

Ei spennande moglegheit for deg som er nyutdanna og ønskjer å utvikle deg innan hotell- og reiselivsnæringa!

Ledige stillingar i ulike fagområde

Klar for Geiranger?

Ditt kall, di moglegheit

Ved Union Geiranger er vi alltid interesserte i å kome i kontakt med dyktige, engasjerte menneske som ønskjer å bli ein del av laget vårt. Finn du ikkje den rette stillinga akkurat no? Send oss gjerne ein open søknad.