Kursvert

Som kursvert er du kunden sitt faste kontaktpunkt når konferansar og kurs går føre seg på hotellet. Du gjennomfører arrangementa etter planen frå eventplanleggaren, frå kunden kjem til siste økt er over, og sørgjer for at både møterom og teknikk fungerer. I periodar arbeider du òg med eventplanlegging.

Konferansedeltakarar med notatblokker i møterom ved Union Geiranger

Bli med på laget i Geiranger

Union Geiranger Resort & Spa er eit historisk familiehotell inst i Geirangerfjorden, med fjell, fossar og verdsarv rett utanfor døra. Kvart år tek vi imot gjestar frå heile verda, og vi legg vekt på at kvart møte skal kjennast personleg og ekte. No ser vi etter fleire gode kollegaer som vil vere med og skape minneverdige opplevingar.

Ein ekstra bonus: Bur du i Geiranger og er i arbeid, kan du få sletta delar av studielånet ditt. Etter eitt år kan du få sletta opptil 25 000 kroner, og du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt. Les meir om vilkåra hos Lånekassen.

Arbeidsoppgåver og ansvar

Som kursvert er du kunden sitt faste kontaktpunkt når konferansar og kurs går føre seg på hotellet. Du gjennomfører arrangementa etter planen frå eventplanleggaren, frå kunden kjem til siste økt er over, og sørgjer for at både møterom og teknikk fungerer. I periodar arbeider du òg med eventplanlegging.

  • Kontaktperson for kunden under arrangementet
  • Klargjering og ombygging av møterom
  • Ansvar for oppsett av og støtte på teknisk utstyr
  • Oppfølging av pausar og måltid saman med kjøkken og servering
  • Registrering av endringar og tillegg for fakturering
  • Eventplanlegging i periodar
  • Meirsal av tilboda på hotellet

Kompetansekrav

  • God teknisk forståing
  • Erfaring frå konferanse, arrangement eller service
  • Gode språkferdigheiter i norsk, svensk eller dansk og engelsk, både munnleg og skriftleg. Fleire språk er ein bonus.
  • Gode digitale ferdigheiter i Office og andre relevante system.
  • Erfaring med Opera/Oracle er ein fordel.

Kven er du?

Du er ein person som får energi av menneske og kjenner ekte glede ved å gi gjestane ei god oppleving. Du møter alle med varme og merksemd, og du er nøyaktig og oppteken av kvalitet i alt du gjer.

Du trivst i eit lag der vi samarbeider på tvers av avdelingane, deler kunnskap og heiar på kvarandre. Samtidig finn du gode løysingar sjølv og held roa og oversikta når det er som travlast. Du er fleksibel og tilpassar deg lett skiftande arbeidstider, oppgåver og behov.

Vil du vere den som får kvar konferanse til å gå knirkefritt? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Vi tilbyr

  • Ein trygg arbeidsplass på eit historisk familiehotell i vakre omgivnader i Geiranger
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente og dyktige kollegaer
  • Nødvendig opplæring i rutinane og standardane våre
  • Tilgang på personalbustad
  • Moglegheit for sletting av studielån når du bur og jobbar i Geiranger
  • Veksling mellom travle og rolege arbeidsdagar
  • Gode lønsvilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Praktisk informasjon

  • Avdeling: Event
  • Stillingsprosent: 100 %
  • Tilsetjing: Fast
  • Oppstart: Etter avtale
  • Rapporterer til: Hotellsjef
  • Arbeidstid: Etter vaktliste, inkludert dutyvakter. Vaktene blir tilpassa start og slutt på arrangementa.
  • Søknadsfrist: Snarast og seinast 10.12.2026 (søknader blir vurderte fortløpande)

Kontaktperson

Finn Helge Nustad
Hotellsjef, Union Geiranger
Tlf. +47 900 55 945

Søk på stilling

Vel kursvert i skjema under for å søke på rett stilling

Jobb i Geiranger