Bryllaupsplanleggar

Som bryllaupsplanleggar følgjer du brudeparet frå visning og signert avtale heilt fram til bryllaupsdagen. Du planlegg saman med brudeparet og avdelingane våre, koordinerer eksterne leverandørar, og kan sjølv vere bryllaupsvert på den store dagen.

Bryllaupsplanleggar saman med bruda ved Union Geiranger

Bli med på laget i Geiranger

Union Geiranger Resort & Spa er eit historisk familiehotell inst i Geirangerfjorden, med fjell, fossar og verdsarv rett utanfor døra. Kvart år tek vi imot gjestar frå heile verda, og vi legg vekt på at kvart møte skal kjennast personleg og ekte. No ser vi etter fleire gode kollegaer som vil vere med og skape minneverdige opplevingar.

Ein ekstra bonus: Bur du i Geiranger og er i arbeid, kan du få sletta delar av studielånet ditt. Etter eitt år kan du få sletta opptil 25 000 kroner, og du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt. Les meir om vilkåra hos Lånekassen.

Arbeidsoppgåver og ansvar

Som bryllaupsplanleggar følgjer du opp bryllaup frå visning og signert avtale fram til bryllaupsdagen, og i mange tilfelle er du med på gjennomføringa. Du avklarer ønske og behov, og planlegg bryllaupet saman med brudeparet og dei fagansvarlege i driftsavdelingane våre.

  • Visningar og planleggingsmøte med brudeparet, fysisk eller digitalt
  • Oppfølging og koordinering av tildelte bryllaup etter fastsett tidsplan
  • Gjestelister, rombestillingar og romfordeling innan fristane, i samarbeid med booking og resepsjon
  • Lokalefordeling for vigsel, mottaking, middag og fest
  • Bordplassering, meny- og drikkeval saman med mat- og drikkeavdelingane, inkludert allergiar og spesialkost
  • Kjøreplan for bryllaupsdagen etter definerte standardar
  • Koordinering av eksterne leverandørar som fotograf, florist, musikarar, frisør, transport og vigslar
  • Plan for alternativ verløysing ved vigsel eller aktivitetar utandørs
  • Informasjon om bryllaupa på driftsmøte og morgonmøte
  • Meirsal av tilboda på hotellet, som velkomstaktivitetar, dagen derpå-arrangement, bryllaupssuite og opplevingar i Geiranger
  • Vertskapsrolle ved visningar, smaksprøving av meny og når brudeparet kjem
  • Oppfølging fram til godkjent faktureringsgrunnlag
  • Bryllaupsvert på sjølve dagen ved behov, med ansvar for at kjøreplanen blir følgd

Kompetansekrav

  • Erfaring frå bryllaup, arrangement eller sal, gjerne frå hotell
  • God kunnskap om hotellprodukt, kapasitet og interne aktivitetar
  • God kunnskap om Geiranger, aktivitetstilbodet i bygda og aktuelle stader for vigsel, eller vilje til å lære det
  • Kjennskap til bryllaupstradisjonar og formelle krav til vigsel
  • Nettverk av, eller vilje til å byggje nettverk med, lokale leverandørar
  • Gode språkferdigheiter i norsk, svensk eller dansk og engelsk, både munnleg og skriftleg. Fleire språk er ein bonus.
  • Gode digitale ferdigheiter i Office og andre relevante system. Erfaring med Opera er ein fordel.

Kven er du?

Du er ein person som får energi av menneske og kjenner ekte glede ved å gi gjestane ei god oppleving. Du møter alle med varme og merksemd, og du er nøyaktig og oppteken av kvalitet i alt du gjer.

Du trivst i eit lag der vi samarbeider på tvers av avdelingane, deler kunnskap og heiar på kvarandre. Samtidig finn du gode løysingar sjølv og held roa og oversikta over mange detaljar når det er som travlast. Du er fleksibel og tilpassar deg lett skiftande arbeidstider, oppgåver og behov.

Vil du vere med på å skape den store dagen for brudepar frå heile verda? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Vi tilbyr

  • Ein trygg arbeidsplass på eit historisk familiehotell i vakre omgivnader i Geiranger
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente og dyktige kollegaer
  • Nødvendig opplæring i rutinane og standardane våre
  • Tilgang på personalbustad
  • Moglegheit for sletting av studielån når du bur og jobbar i Geiranger
  • Veksling mellom travle og rolege arbeidsdagar
  • Gode lønsvilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Praktisk informasjon

  • Avdeling: Konferanse og event
  • Stillingsprosent: 100 %
  • Tilsetjing: Fast
  • Oppstart: Etter avtale
  • Rapporterer til: Konferanse- og eventansvarleg
  • Arbeidstid: Etter vaktliste, med vakter på 7,5 timar inkludert 30 minutt lunsjpause. Arbeid på kveldstid og i helger må påreknast, særleg i bryllaupssesongen og på sjølve bryllaupsdagane.
  • Søknadsfrist: Snarast og seinast 10.12.2026 (søknader blir vurderte fortløpande)

Kontaktperson

Finn Helge Nustad
Hotellsjef, Union Geiranger
Tlf. +47 900 55 945

Søk på stilling

Vel bryllaupsplanleggar i skjema under for å søke på rett stilling

Jobb i Geiranger