Assisterande spaansvarleg
Som assisterande spaansvarleg er du med og leier den daglege drifta av spaavdelinga, og du er stadfortredar for spaansvarleg. Du kombinerer behandlingsarbeid med ansvar for resepsjon, sal og oppfølging av kollegaer – og sørgjer for at kvar gjest får ei spaoppleving av høg kvalitet.

Bli med på laget i Geiranger
Union Geiranger Resort & Spa er eit historisk familiehotell inst i Geirangerfjorden, med fjell, fossar og verdsarv rett utanfor døra. Kvart år tek vi imot gjestar frå heile verda, og vi legg vekt på at kvart møte skal kjennast personleg og ekte. No ser vi etter fleire gode kollegaer som vil vere med og skape minneverdige opplevingar.
Ein ekstra bonus: Bur du i Geiranger og er i arbeid, kan du få sletta delar av studielånet ditt. Etter eitt år kan du få sletta opptil 25 000 kroner, og du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt. Les meir om vilkåra hos Lånekassen.
Arbeidsoppgåver og ansvar
Som assisterande spaansvarleg er du med og leier den daglege drifta av spaavdelinga, og du er stadfortredar for spaansvarleg. Du kombinerer behandlingsarbeid med ansvar for resepsjon, sal og oppfølging av kollegaer – og sørgjer for at kvar gjest får ei spaoppleving av høg kvalitet.
- Hjelpe spaansvarleg med den daglege drifta og vere stadfortredar ved fråvær
- Utføre spabehandlingar som massasje, ansikts- og kroppsbehandlingar
- Ha ansvar for at resepsjonen fungerer godt: timebok, booking, betaling og gjesteinformasjon
- Drive sal og meirsal av behandlingar, pakkar og produkt, og følgje opp salsmål
- Bidra til vaktplanlegging, opplæring og oppfølging av medarbeidarar
- Følgje opp varelager og bestillingar, og sørgje for at rutinane for hygiene og kvalitet blir følgde
Kompetansekrav
- Utdanning som spaterapeut, massør, hudterapeut eller tilsvarande
- Erfaring som terapeut
- Erfaring frå resepsjon og bookingsystem
- Dokumenterte salsferdigheiter og erfaring med meirsal
- Erfaring med å leie eller lære opp kollegaer er ein fordel
- Gode språkferdigheiter i norsk, svensk eller dansk og engelsk, både munnleg og skriftleg. Fleire språk er ein bonus.
- Gode digitale ferdigheiter i Office og andre relevante system
Kven er du?
Du er ein person som får energi av menneske og kjenner ekte glede ved å gi gjestane ei god oppleving. Du møter alle med varme og merksemd, og du er nøyaktig og oppteken av kvalitet i alt du gjer.
Du trivst i eit lag der vi samarbeider på tvers av avdelingane, deler kunnskap og heiar på kvarandre. Samtidig finn du gode løysingar sjølv og held roa og oversikta når det er som travlast. Du er fleksibel og tilpassar deg lett skiftande arbeidstider, oppgåver og behov.
Vil du vere med og leie eit spa der kvalitet og omsorg står i sentrum? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Vi tilbyr
- Ein trygg arbeidsplass på eit historisk familiehotell i vakre omgivnader i Geiranger
- Eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente og dyktige kollegaer
- Nødvendig opplæring i rutinane og standardane våre
- Tilgang på personalbustad
- Moglegheit for sletting av studielån når du bur og jobbar i Geiranger
- Veksling mellom travle og rolege arbeidsdagar
- Gode lønsvilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Praktisk informasjon
- Avdeling: Spa
- Stillingsprosent: 100 %
- Tilsetjing: Fast
- Oppstart: Etter avtale
- Rapporterer til: Spaansvarleg
- Søknadsfrist: Snarast og seinast 10.12.2026 (søknader blir vurderte fortløpande)
Kontaktperson
Thea Moldskred
Spaansvarleg, Union Spa
Tlf. +47 476 07 694


