Events
Tenk stort. Tenk Geiranger.

Når mykje skal klaffe, treng du ein destinasjon og ein samarbeidspartnar som har gjort det før.
Union Geiranger tek imot store selskap, firma og grupper som ønskjer å skape noko utanom det vanlege. Med lang erfaring frå større arrangement, fleksible lokale, 197 rom og kapasitet på opptil 600 personar, har vi både apparatet og kompetansen som skal til for å handtere komplekse arrangement frå planlegging til gjennomføring.
Resultatet er event som sit – både i detaljane og i minnet.

Erfaring som gir tryggheit
Vi har gjennomført store og komplekse arrangement og veit kva som krevst når mange menneske, leveransar og detaljar skal spele saman.
Her får de eitt erfarent hotellteam å spele på lag med – og tilgang til det gjevaste Geiranger har å by på. Vi koordinerer mat, overnatting, møteplassar og logistikk, og samarbeider med profesjonelle lokale aktørar om aktivitetar og opplevingar på fjorden og i det UNESCO-verna fjordlandskapet.
Kapasitet for store samankomstar
197 rom og suiter, og møte- og selskapslokale med kapasitet for opptil 600 personar.

Heile resorten som arena
Møterom, restaurantar, barar, salongar, Union Spa, basseng og uteområde gir rom for å skape eit event med ulike sceneskift gjennom opphaldet.

Spektakulære omgjevnadar
Fjorden og fjellandskapet er meir enn ei kulisse. Vi samarbeider med lokale aktørar om alt frå fjordopplevingar og aktivitetar til skreddarsydde program for større grupper.

Første høgdepunkt: reisa
Det er mange måtar å kome seg til Geirangar på. Vi kan mellom anna chartre båt frå Ålesund som gir gjestane ei spektakulær oppleving allereie før ankomst.

Ein destinasjon deltakarane hugsar
Kombinasjonen av profesjonell gjennomføring, UNESCO-verna natur, opplevingar, mat og resortfasilitetar gir rammene for noko langt meir enn eit tradisjonelt firmaevent.

Presisjon frå A til Å
Vi legg til rette for ei saumlaus gjennomføring tilpassa dykkar ønske – med ein gjennomarbeidd køyreplan for alt frå toastmaster og underhaldning til servering og timing.

Eit hotellteam til teneste
Tett dialog før, under og etter arrangementet – med eit erfarent team som kjenner huset, destinasjonen og moglegheitene.

Mat som løfter opplevinga
Frå energipåfyll gjennom arbeidsdagen til festmiddag og bankett – mat og drikke kan tilpassast formatet, programmet og ambisjonsnivået.

Tid for luksus
Ta ein pause mellom programpostane. Nyt Union Spa, Union Bad, eller bestill ei behandling. Vi tilbyr mellom anna massasjer og makeup, hamam, saunarituale og 1500 kvm med spa-avdeling.

Puls i verdsarven
I samarbeid med dyktige lokale leverandørar skreddarsyr vi alt frå fjordopplevingar og action til guida turar og lagbygging i det UNESCO-verna fjordlandskapet.
Utflukter i verdsarven
Aperitiff i foajeen
Gruppetur til Skageflå
Våre rom og suiter
Rom og suiter
Med 197 rom og suitar har vi kapasitet til store grupper. Etter ein innhaldsrik dag ventar komfortable rom, gode senger og ro – mange med utsikt mot fjorden og fjella.
Kundereferanser
- Eit haustarrangement i særklasse
«Allereie i planleggingsfasen opplevde vi eit godt og profesjonelt samarbeid, og det var klasse over arrangementet frå første til siste time. Fantastiske tilsette, flotte omgjevnader og ei heilt spesiell stemning gav oss ei minnerik oppleving som skaper samhald og god kultur.» Eva Brox, SVP HR / CCO Sperre Air Power AS
- Union leverte langt over det som var forventet
«Vi storkoste oss fra begynnelse til slutt. Det faglige, middagene, fjellturen, after-hike, festen, rommene og stemningen – ALT! Det har vært en stor boost for oss, og vi har følt oss så godt ivaretatt gjennom hele oppholdet. Teamet på Union Geiranger leverte langt over det som var forventet, og vi sitter igjen med en fantastisk opplevelse.» Torill Standal Eliassen, CEO Conta AS
- Vi skal tilbake!
Vi gjennomførte et ukelangt, internasjonalt arrangement med nærmere 480 deltakere, og samarbeidet med Union Geiranger overgikk alle våre forventninger. Fra planlegging til gjennomføring møtte vi tilgjengelige og svært serviceinnstilte eiere, ledelse og medarbeidere. Evnen til å håndtere et arrangement av denne størrelsen med fleksibilitet og høy kvalitet ga oss trygghet gjennom hele prosessen. Vi anbefaler varmt Union Geiranger som samarbeidspartner for større arrangementer, konferanser og grupper. De leverer kvalitet, service og profesjonalitet som skaper gode opplevelser for arrangører og deltakere. Line og Arnfinn Sørhaug, The 6th Europan Healey Meeting 2023 PS: Vi skal tilbake!

Tur med lunsj og guide på Skageflå

Aperitiff i hagen før festmiddag