Stille Fjordcruise
Opplev Geirangerfjorden frå si beste side - nemleg frå fjorden sjølv. Kom tett på fossar og naturen, i Geiranger Fjordservice sin splitter nye hybirdbåt, som seglar fjorden totalt utan utslepp og i stillheit på batteri.



Bli med på ei naturskjønn sightseeingreise gjennom Geirangerfjorden, som står på UNESCO si verdsarvliste. Du kan velje mellom to ulike cruise, kvar med sin eigen måte å oppleve eit av Noreg sine mest ikoniske landskap på.
Vel mellom eit klassisk sightseeingcruise på 75 minutt med eit mindre fartøy, eller eit to timar langt cruise med eit moderne hybrid-elektrisk skip med romslege uteområde og god plass til å nyte utsikta. Begge turane tek deg forbi dramatiske fossar, bratte fjellsider, historiske fjellgardar og storslått fjordnatur.
Høgdepunkt
- Opplev den spektakulære Geirangerfjorden frå sjølve fjorden
- Sjå og fotografer kjende fossar som Dei sju systrene og Friaren
- Hald utkikk etter sel, oter og sjøfugl langs fjorden
- Nyt den friske fjordlufta på utedekket, eller finn deg til rette inne i salongen
- Gli gjennom det djupe, blå fjordlandskapet på ei stemningsfull reise
Har du avgrensa med tid?
→ 75 minutt · Fjorden sine største høgdepunkt · Fossar · Vakre utsikter
Vil du ha ei meir komplett oppleving?
→ 2 timar · Stille hybridcruise · Elektrisk · Komfort og panoramautsikt
Vel mellom eit klassisk 75-minutts sightseeingcruise med eit mindre fartøy eller eit to timar langt cruise med eit moderne hybrid-elektrisk skip. Begge turane tek deg forbi ikoniske attraksjonar som Dei sju systrene, Friaren, Brudesløret, dramatiske fjellvegger og dei historiske fjordgardane langs UNESCO-verdsarvfjorden.
75-minuttscruiset passar perfekt dersom du ønskjer dei viktigaste høgdepunkta på kort tid. Det to timar lange hybridcruiset gir meir plass, ei nesten lydlaus reise og god tid til å nyte utsikta.
Nytt i 2026: Opplev Geirangerfjorden på det første og einaste stille, elektriske fjordcruiset i Geiranger – ei nesten lydlaus oppleving med nullutsleppsteknologi.
Inkludert
- Nedlastbar lydguide i GuideToGo-appen (12 språk)
Møtestad
Hurtigbåtkaia i Geiranger hamn, like bak turistinformasjonen.
Adresse: Geirangervegen 2, 6216 Geiranger, Noreg.
Anbefalt innhald

Geiranger Skywalk
Geiranger Skywalk er ein av Noregs mest spektakulære utsiktsplattformer, og tilbyr eit utsiktspunkt høgt over den verdskjende Geirangerfjorden. Utsiktspunktet er det høgaste i Europa med fjordutsikt.
- Nivå: Enkelt
- Sesong: Sommar

Zipline via Ferrata Geiranger
Opplev Geiranger Naturpark – ein spennande kombinasjon av zipline og via ferrata midt i den vakre naturen i Geiranger. Her får du kjenne på meistring, høgde og fart, omgitt av fjell, fossefall og spektakulær utsikt.
- Nivå: Medium
- Sesong: Sommar

Fjordcruise Ålesund - Geiranger
Opplev reisa frå Ålesund til Geiranger slik ho er meint å opplevast – frå sjøen. På dette fjordcruiset, som tek mellom 2,5 og 3 timar, vert du omgjeven av majestetiske fjell, djupe fjordar og spektakulære fossefall heile vegen fram til Geiranger sentrum.