Inngangsbillett til Norsk Fjordsenter
Utforsk korleis fjordane vart til, og korleis folk levde langs dei. Gå gjennom utstillingar som kombinerer historie, geologi og natur, og oppdag kvifor Geirangerfjorden er ein del av UNESCOs verdsarv.


Høgdepunkt
- Korleis landskapet blei til, og korleis folk levde i fjordane.
- Interaktiv UNESCO-utstilling om arv, utfordringar og bevaring.
- Kinosal som viser kortfilm om området gjennom dei ulike årstidene
- Eit eget aktivitetsrom for barn – opplev, utforsk, kos deg.
- Senteret byr også på spennande kunstutstillingar i «Spissen Galleri».
Besøk Norsk Fjordsenter, det offisielle verdsarvsenteret for Geirangerfjord-området. Her kan du lære om korleis fjordane blei til, korleis menneske har levd i dette landskapet, og kvifor området er verna i dag.
Utforsk tradisjonelle, autentiske og moderne utstillingar. Oppdag ein levemåte som ikkje finnast lengre ved å gå gjennom ekte trebygningar frå gardsbruk, som lafta hus og bygningar med reisverk. Ein kopi av ein gamal dampbåt gjer opplevinga endå meir levande.
Inkluderer
Inngangsbillett til besøkssenteret Norsk Fjordsenter, inkludert:
- Adgang til hovudutstillingen
- Inngang til UNESCO-utstillingen
- Adgang til barneutstillingen
- Kinosal med kortfilm om området
- Tilgang til gallerisalen
- Du finner også ein liten suvenirbutikk og ein kafé.
Anbefalt innhald

Geiranger Skywalk
Geiranger Skywalk er ein av Noregs mest spektakulære utsiktsplattformer, og tilbyr eit utsiktspunkt høgt over den verdskjende Geirangerfjorden. Utsiktspunktet er det høgaste i Europa med fjordutsikt.
- Nivå: Enkelt
- Sesong: Sommar

Stille Fjordcruise
Opplev Geirangerfjorden frå si beste side - nemleg frå fjorden sjølv. Kom tett på fossar og naturen, i Geiranger Fjordservice sin splitter nye hybirdbåt, som seglar fjorden totalt utan utslepp og i stillheit på batteri.
- Varigheit: 75 min eller 2 timar
- Sesong: Sommar, Vår, Vinter, Haust

Zipline via Ferrata Geiranger
Opplev Geiranger Naturpark – ein spennande kombinasjon av zipline og via ferrata midt i den vakre naturen i Geiranger. Her får du kjenne på meistring, høgde og fart, omgitt av fjell, fossefall og spektakulær utsikt.
- Nivå: Medium
- Sesong: Sommar