Geiranger Panoramabusstur
Opplev panoramautsikt over Geiranger og fjorden. Bli med på ein busstur som tek deg til Europa sitt høgste punkt med fjordutsikt.


Bli med på ein rundtur med buss frå Geiranger sentrum og opplev nokre av dei mest spektakulære utsiktspunkta i området.
Turen startar ved Geiranger hamn og følgjer den svingete vegen opp frå fjorden. Første stopp er Flydalsjuvet, eit av Noreg sine mest fotograferte utsiktspunkt. Her får du panoramautsikt over Geiranger og Geirangerfjorden, i tillegg til høve til å ta bilete frå den kjende Dronningstolen.
På den 2 timar lange turen går reisa vidare til Dalsnibba Skywalk, den spektakulære utsiktsplattforma på 1 500 moh. Vegavgifta er inkludert. Vegen opp til Dalsnibba blir rekna som ei av dei vakraste fjellstrekningane i Noreg.
Etter besøket går turen tilbake til Geiranger hamn.
Høgdepunkt
- Opplev Geirangerfjorden, som står på UNESCO si verdsarvliste
- Nyt utsikta over Geiranger og fossen Dei sju systrene frå Flydalsjuvet
- Ta bilete frå den ikoniske «Dronningstolen» på Flydalsjuvet
- Vegavgift til Dalsnibba Skywalk er inkludert (gjeld 2-timars turen)
- Tur med lokalt busselskap frå Geiranger
Inkludert
- Busstur i moderne buss med klimaanlegg
- To fotostopp ved panoramautsikt
- Avgang og retur i Geiranger sentrum
- Kort gangavstand frå havna i Geiranger
- Toalettstopp på Flydalsjuvet (frå midten av mai til midten av september)
Passar ikkje for
- Personar som blir lett bilsjuke
Møtestad
Hent billetten din på turistinformasjonen ved Geiranger hamn, ved sida av cruisekaia. Bussen har avgang frå hovudvegen rett utanfor turistinformasjonen.
Ver på møtestaden minst 10 minutt før avgang.
Ta gjerne med
- Kamera
Ikkje tillate
- Mat og drikke om bord i bussen
Greitt å vite
- Samanklappbare rullestolar, rullatorar og barnevogner kan oppbevarast i bagasjerommet.
- Du kan ta med eige barnesete.
Anbefalt innhald

Ribbåt med tur til Skageflå
Bestill båttransport til startpunktet for turen til Skageflå og opplev Geirangerfjorden frå sjøen. Vel mellom éin veg eller tur/retur, og kombiner båtturen med ei spektakulær fjellvandring til den historiske fjellgarden Skageflå.
- Nivå: Medium
- Sesong: Sommar
- Varigheit: ca 3 timar

Zipline via Ferrata Geiranger
Opplev Geiranger Naturpark – ein spennande kombinasjon av zipline og via ferrata midt i den vakre naturen i Geiranger. Her får du kjenne på meistring, høgde og fart, omgitt av fjell, fossefall og spektakulær utsikt.
- Nivå: Medium
- Sesong: Sommar

Stille Fjordcruise
Opplev Geirangerfjorden frå si beste side - nemleg frå fjorden sjølv. Kom tett på fossar og naturen, i Geiranger Fjordservice sin splitter nye hybirdbåt, som seglar fjorden totalt utan utslepp og i stillheit på batteri.
- Varigheit: 75 min eller 2 timar
- Sesong: Sommar, Vår, Vinter, Haust