PåskeSpa inkludert

Påske ved Union – spa, familiemoro og fjordluft

Feir påska ved fjorden! Unn deg varme dagar i Union Spa, ta med familien til gode familierom og badeglede i Union Bad – og la Robin trylle fram magisk moro for dei minste. Lange, lyse vårdagar i Geiranger ventar. Bestill no og spar 25%!

Påskemoro ved Union
Union Geiranger
Familierom ved Union Geiranger

Påske ved Union Geiranger

Påska i Geiranger er lyse dagar, snø i fjella og vårstemning ved fjorden. Her kan du veksle mellom roleg velvære i Union Spa, badeglede i Union Bad og kjekke dagar ute i vårlufta – med god mat og gode rom å kome heim til.

Tilbodet gjeld utvalde pakkar i påskeveka | Bestill før 31. november og spar 25%

Ei påske med litt av alt

Ute ventar vårsola, fjorden og fjella. Inne på Union Geiranger er det varmt og godt, med spa, bad, god mat og underhaldning for både små og store.

Dette får du:

  • Union Spa: Varme, ro og velvære for dei vaksne. Aldersgrense 16 år.
  • Union Bad: Badeglede for heile familien, med både inne- og utebasseng.
  • Union sin buffet: Eit godt utval av varme og kalde rettar, med noko for både store og små.
  • Frukost: Ein deilig hotellfrukost er den perfekte starten på dagen. Går du for spapakken kan du også velje å nyte frukosten i Union Spa.
  • Gode familierom: Rom med plass til heile familien og ei god natts søvn etter dagens opplevingar.
  • Underhaldning for barna: Magisk moro med Robin i påskeveka. Meir informasjon kjem!

varmebad i Union Spa

Spapakken – lad batteria i påskeferien

Påska treng ikkje berre vere fulle dagar. Med spapakken får du tid til deg sjølv: varme basseng, saunaer og stilla som berre finst mellom fjord og fjell.

Inkludert:

  • Overnatting i valfri romkategori
  • Frukost i Restaurant Fjorden eller i Union Spa
  • Union sin populære buffet
  • Inngang til Union Bad
  • Inngang til Union Spa

Union Spa har 16 års aldersgrense.

Bestill spapakke →

Familierom

Familierom med plass til alle

Union Classic Family er rom for familiar på inntil fire personar – varmt og innbydande, til vår mest fornuftige pris. Perfekt for dykk som vil ha god plass etter dagar med bading, påskeegg og uteliv.

Inkludert:

  • Overnatting i familierom
  • Frukost
  • Middagsbuffet
  • Inngang til Union Bad

Bestill familierom →


Magisk moro med Robin

I påskeveka inviterer vi dei minste (og dei store!) til ei magisk oppleving når Robin kjem til Union. Trolleri, latter og store auge – ein perfekt programpost for familiar som vil gjere litt ekstra ut av påska.

Meir informasjon om tidspunkt kjem.

Ut og opplev påska i Geiranger

Påska i Geiranger byr på lange, lyse dagar og eit fjordlandskap i overgangen mellom vinter og vår. Ta turen ut og utforsk bygda, besøk Norsk Fjordsenter, gå ein tur langs fjorden eller bli med på ein guida aktivitet.

Her kan de fylle dagane med opplevingar – eller nyte kunsten å ikkje ha nokon planar.

Bestill påskeopphaldet ditt

Samle familien, finn fram badekleda og gjer dykk klare for påske ved fjorden!

Bestill no

Tilbodet gjeld utvalde pakkar og tilgjengelege rom i påskeperioden, så langt kapasiteten rekk.

Plask og moro i barnebassenget
Bli med på aktivitetar ved Fjordsenteret
Utforsk nærområdet - kanskje ein topptur freistar i påska?