Ta møtet ut av kvardagen – spar 20 %
Samle kollegaene midt i det UNESCO-verna fjordlandskapet i Geiranger. Her får de arbeidsro, nye perspektiv og spektakulær natur rett utanfor døra – ei ramme som gjer noko med både møtet og menneska rundt bordet. Frå søndag til torsdag får de 20 % rabatt på overnatting og dagpakkar ved Union Geiranger.


Legg neste møte, samling eller konferanse til Geiranger. Frå søndag til torsdag får de 20 % rabatt på overnatting og dagpakkar – og ei ramme som gir rom for både gode samtalar, nye perspektiv og tid saman.
På Union Geiranger Resort & Spa finn de alt de treng under eitt tak: fleksible møte- og konferanserom, komfortable rom, gode matopplevingar, spa og aktivitetar i spektakulære omgivnader.
Tilbodet gjeld nye bestillingar frå søndag til torsdag, i perioden 10. september–30. april.
Bookingperiode: 10. september–30. oktober.
Møter ved Union Geiranger:
- 20 % rabatt på overnatting og dagpakkar frå søndag til torsdag
- fleksible møte- og konferanserom
- personleg oppfølging frå vårt konferanseteam
- mat og servering tilpassa programmet
- Union Spa og Union Bad under same tak
- eit breitt utval aktivitetar og teambuilding
- 197 rom og 17 suitar
- ei unik ramme midt i UNESCO-verdsarven Geirangerfjorden
Meir enn eit møterom
Nokre gonger er det miljøskiftet som skal til for å tenkje litt større. I Geiranger er det ro til å konsentrere seg, samtidig som fjorden og fjella ligg rett utanfor døra når de treng ein pause.
Union Geiranger har møte- og konferanserom for både små leiargrupper og store arrangement. De får personleg oppfølging frå eit erfarent hotellteam som hjelper dykk med å få program, servering, aktivitetar og logistikk til å spele godt saman.
Mat som blir ein del av opplevinga
Gode møte fortener gode måltid. Matkonseptet ved Union Geiranger tek utgangspunkt i gode råvarer, sesongane og smakar frå regionen – kombinert med impulsar utanfrå.
Frå frukost og gode møtepausar til lunsj, middag og festmiddag legg vi til rette for måltid som passar programmet og gruppa. Ønskjer de å gjere litt meir ut av kvelden, kan vi også skape eigne mat- og drikkeopplevingar som ein del av konferansen.

Frå arbeidsro til spa
Etter ein lang møtedag er det godt å kunne skifte tempo utan å måtte reise nokon stad. I Union Spa ventar varme basseng, badstover og avslappande soner – med utsikt mot fjordlandskapet.
Spa kan kombinerast med møteprogrammet som ein roleg avslutning på dagen, eller som tid til å lade opp mellom faglege økter.




Samle laget – også utanfor møterommet
Geiranger gir dykk ein arena for meir enn fagleg påfyll. Legg inn ein aktivitet mellom møta, bruk naturen til teambuilding eller avslutt dagen med ei felles oppleving.
Gjennom året kan vi legge til rette for aktivitetar som RIB på Geirangerfjorden, fjordvandring, veteranbilopplevingar, bålkos, smakingar, fjellturar og vinteraktivitetar. Programmet blir tilpassa sesong, gruppestorleik og kor mykje tid de har til disposisjon.

Bu godt. Sov godt. Møt dagen klar.
Når møtedagen er over, er rommet berre nokre steg unna. Union Geiranger har 197 rom, inkludert 17 suitar, med ulike kategoriar og utsikt. Her kan heile gruppa bu, møtast, ete og oppleve på same stad – enkelt både for arrangøren og deltakarane.
Og når Geiranger blir stille om kvelden, får de noko som kan vere mangelvare i ein travel arbeidskvardag: ro.

Éin destinasjon. Eitt hotellteam.
Hos oss slepp de å koordinere ei rekke ulike leverandørar. Vi hjelper dykk med heilskapen – frå rom og møterom til måltid, aktivitetar, spa og dei små detaljane som får arrangementet til å flyte.
Klar for å flytte møtet til Geiranger?
Fortel oss kva de planlegg, kor mange de blir og kva de ønskjer å få ut av samlinga. Vi hjelper dykk med å sette saman eit opplegg som kombinerer fagleg fokus, gode måltid, opplevingar og tid til å vere saman.
Anbefalt innhald

Konferanser og møter
Vi tek oss av alt rundt ditt møte eller arrangement, slik at de kan fokusere på agendaen. Frå første førespurnad til siste deltakar har reist heim, får de faste kontaktpersonar som følgjer arrangementet gjennom heile prosessen. Saman planlegg vi ei samling tilpassa dykkar mål, deltakarar og ønsker.

Leiarsamlingar
Nokre av dei beste idéane oppstår når ein får avstand til kvardagen. Ved Union Geiranger Resort & Spa møtest menneske i omgjevnader som gir rom for nye perspektiv, klåre tankar og gode samtalar. Her, mellom majestetiske fjell og den verdskjende Geirangerfjorden, finn de roa til å tenkje stort, planleggje klokt og skape resultat saman.

Eit matkonsept av Odd Ivar Solvold
Mat er ein viktig del av opplevinga på Union Geiranger. Bak matkonseptet står den meritterte kokken Odd Ivar Solvold, med fokus på gode råvarer, godt handverk og smakar som står i stil med dei spektakulære omgjevnadene.