Februar og vinterferie - bestill tidleg å spar meir
Ta med familien på vinterferie til Geiranger, eller unn deg eit oppvarmande opphald på eigenhand. Her ventar dagar med frisk fjordluft, gode matopplevingar, varme bad og magisk lyskunst! Når mørkret fell på, blir Geiranger forvandla til eit lysande kunstverk under Geiranger Lyskunstfestival 12 - 28. februar



Lyskunst og vinterferie i Geiranger – spar 25 %
Sjølve vinterferien er 19.–28. februar 2027, men Geiranger Lystkunstfestival strekk seg frå 12. - 28. februar. Noko som byr på moglegheiter for både dei som kan tenke seg ein familietur, og for dei som heller ønsker ei roleg stund i vinterfjorden.
Tilbodet gjeld utvalde pakkar i perioden 12. - 28. februar | Bestill innan 30. november
Ein vinterferie med litt av alt
Ute ventar vinterlandskapet med fjord, fjell og opplevingar. Inne på Union Geiranger er det varmt og godt, med badeglede, god mat og aktivitetar for både små og store.
Dette får du:
- Union Bad: Badeglede for heile familien, med både inne- og utebasseng.
- Union sin buffet: Eit godt utval av varme og kalde rettar, med noko for både store og små.
- Frukost: ein deilig hotellfrukost er den perfekte starten på dagen. Går du for ein spa-pakke kan du også velje å nyte frukosten i Union Spa.
- Underhaldning for barna: Vi planlegg kjekke aktivitetar og underhaldning gjennom vinterferien (19. - 28. februar). Meir informasjon kjem!
- Gode familierom: Rom med plass til familien og ei god natts søvn etter dagens opplevingar.
- Union Spa: Litt ekstra velvære for dei vaksne, med aldersgrense 16 år.
Geiranger Lyskunstfestival – når vintermørkret får liv
12.–28. februar 2027
Opplev Geiranger i eit heilt nytt lys!
Under Geiranger Lyskunstfestival blir vintermørkret ei scene for lyskunst og stemningsfulle opplevingar. Her møtest kunst, natur og teknologi i spektakulære omgjevnader mellom fjord og fjell. Anerkjende internasjonale lyskunstnarar set sitt preg på bygda og gjev lys når tida er på den mørkaste.
Ta med familien på ein kveldstur og opplev korleis lys, lyd og fargar gir Geiranger ei heilt eiga stemning. Ei oppleving som gjer vinterferien litt meir magisk!

Finn vinterferien som passar dykk
Vel mellom fleire pakkar med overnatting og gode opplevingar inkludert.
Familiepakke
For dykk som vil nyte vinterferien saman, med god mat, badeglede og tid til å oppleve Geiranger.
Inkludert:
- Overnatting, med familierom som alternativ
- Frukost
- Middagsbuffet
- Inngang til Union Bad
Bestill familiepakke →
Halvpensjon
Nyt gode dagar i Geiranger med både frukost, middag og badeglede inkludert.
Inkludert:
- Overnatting
- Frukost
- Middagsbuffet
- Inngang til Union Bad
Bestill halvpensjon →
Spapakke
Kombiner vinteren med litt ekstra velvære. Nyt varmen i Union Spa etter ein dag ute i frisk vinterluft.
Inkludert:
- Overnatting i valfri romkategori
- Frukost i Restaurant Fjorden eller i Union Spa
- Union sin populære buffet
- Inngang til Union Bad
- Inngang til Union Spa
Union Spa har 16 års aldersgrense.
Bestill spapakke →
Ut og opplev vinteren i Geiranger
Vinteren i Geiranger byr på heilt andre opplevingar enn sommaren. Mindre folk, rolegare dagar og eit fjordlandskap som er minst like imponerande i vinterdrakt.
Ta turen ut og utforsk bygda, opplev lyskunstfestivalen, besøk Norsk Fjordsenter eller bli med på vinteraktivitetar i området. Kanskje freistar ein tur langs fjorden, ein guida aktivitet eller berre ein varm kakao etter ein frisk tur ute?
Her kan de fylle dagane med opplevingar – eller nyte kunsten å ikkje ha nokon planar.

Bestill tidleg – spar 25 %
Geiranger lyskunstfestival og vinterferie 19.–28. februar 2027
Gjer vinteren til noko å glede seg til! Bestill innan 30. november 2026 og få 25 % rabatt på vinteropphaldet hos Union Geiranger.
Samle familien, finn fram badekleda og gjer dykk klare for vintermagi ved fjorden!
[Bestill no – spar 25 %]
Tilbodet er tidsavgrensa og gjeld utvalde pakkar og tilgjengelege rom i perioden 19.–28. februar 2027. Må bestillast innan 30. november 2026.