

Treningsrom
Treningsrommet ved hotellet ligg i andre etasje. Gå til Spa i tredje etasje og ta heis eller trapp ned til andre etasje derifrå. Treningsrommet er ope kvar dag for hotellet sine buande gjestar frå kl 06:00 - 23:00. I treningsrommet finn du tredemøller, spinningsyklar, vekter og anna utstyr som får opp pulsen.


Hotellhagen
Hotellhagen vår er ei fredfull oase der du kan trekke deg tilbake på solfylte dagar, slappe av i ei solseng, nyte ein god lunsj frå Cafe Løsta eller ta eit bad i utandørsbassenget.
Med utsikt mot Geirangerfjorden og omgitt av grøne omgjevnader er hagen ein naturleg møteplass gjennom sommarsesongen. Her er det god plass til både rolege stunder og sosiale samankomstar.
På fine dagar eignar hotellhagen seg også godt for alt frå uformelle samlingar og aperitiffar til større arrangement, feiringar og mottakingar under open himmel.


Mollaløa
Mollaløa er ei gammal, rustikk løe som ligg idyllisk til i hotellhagen. Her tilbyr vi stemningsfulle matopplevingar og samlingar i særeigne omgjevnader, perfekt for grupper som ønskjer ei meir personleg og autentisk ramme rundt arrangementet.
Ta kontakt med oss for å reservere Mollaløa til middag, selskap eller andre spesielle anledningar.


Union Dancing
I underetasjen finn du og Union Dancing - vårt eige showlokale. Ein stemningsfull sal med scene og dansegolv i midten, omkransa av sitjegrupper i amfi. Her legg vi til rette for dans, underhaldning og arrangement med god utsikt til scena frå alle plassar. Lokalet har eigen bar og passar perfekt for alt frå show og konsertar til firmafestar og private samlingar.