Kvild i Japanese Hot pool

Eit GOdt måltid

Mat & drikke på Union

Eit matkonsept utvikla av Odd Ivar Solvold

Bak kjøkkenet på Union Geiranger finn du ein av dei mest meritterte norske kokkar. Odd Ivar Solvold er mannen som har forma matopplevinga på hotellet — og med ein karriere tufta på kompromisslaus respekt for råvarer og handverk, er det ingen som er betre eigna til oppgåva.

Solvold har brynt seg i verdseliten sidan slutten av 1980-åra. Han har vunne Noregs beste kokk tre gongar, teke sølv i Verdsmeisterskapen for unge kokkar, og stod på pallen i Lyon då han i 1997 mottok Bocuse de Bronze — ei av dei gjævaste utmerkingane som finst i den kulinariske verda. Som coach for Bocuse d'Or-deltakarar har han forma neste generasjon toppkokkar, mellom anna Charles Tjessem, Geir Skeie og Ørjan Johannessen.

Fotbad i Union Spa
Unionsbuffeten

Unionsbuffeten

Når kvelden senkar seg over Geirangerfjorden, er bordet dekt. Unionsbuffeten er vår måte å by på middag — eit rikt utval av varme og kalde retter, laga frå botnen av eit kjøkken med djup respekt for råvarer og handverk.

Finn dine favorittar, smak deg gjennom eit utval av fisk, kjøt, salatar og desserter, og gå gjerne ei ekstra runde for meir. Her er det god mat og god tid som gjeld.

Våre spisestadar

Union Geiranger byr på fleire ulike spisestader — kvar med sin eigen karakter og atmosfære. Du kan velja det uformelle og levande på Cafe Løsta, nyta utsikta frå Dronningterrassen, eller setja deg til bords i Restaurant Julie eller Restaurant Fjorden for ein meir fullverdig middagsoppleving.

Saunarituale i Union Spa

Saunarituale

Kvar ettermiddag kan du oppleve ei avslappande og varmande stund for sansane i badstua i Union Spa. Om du har inngang til spa er dette inkludert.

Japansk varmebad i Union Spa

Japansk varmebad

Japansk varmebad varmer opp stive musklar og ledd, og med nydeleg utsikt over fjella langs fjorden

Relax lounge

Avslapningssoner

Vi har fleire stover som rommar stillheit og kvile. Set mobilen på lydlaus, og finn roa i ein god avslapningsstol anten i peisstua, i biblioteket eller eit stillerom.

Behandling ved Union Spa

Behandlingar

Terapautane våre har utdanning, lang erfaring og ønskjer å gje deg det beste. Vi veit kor stor effekt naturen har på kropp og sinn. Difor inviterer vi deg til å sette av godt med tid, om du kan. Då kan du først gå ein tur i fjell, skog eller mark, og så kome inn for ønska behandling.

Kaffi på senga før besøk i Union Spa

Frukost på senga?

Start dagen heilt på eigne premissar. Med frukost på rommet kan du nyte frukosten i ro og mak — utan å forlate dynen før du er klar.