Junior Ranger naturaktivitetar
Er du på ferie med born i Geiranger? Då har vi eit tips til dykk: Junior Ranger Nature Activities er ei aktiv og lærerik oppleving for heile familien, rett ved Norsk Fjordsenter.

Bli ein Junior Ranger i Geirangerfjorden
Gjennom leik og utforsking får borna møte verdsarven på nært hald – med dyreskinn, steinar og mineral, grindbygg, grasski og historia om korleis fjordlandskapet har blitt til. Ein erfaren fjordranger guidar familien gjennom aktivitetane, og undervegs lærer borna om geologi, dyreliv og kulturhistoria i Geirangerfjorden.
Utforsk. Oppdag. Lær.
Praktisk informasjon
- Tid: Kvar dag kl. 14.30–15.30 (om lag 1 time)
- Stad: Uteområdet ved Norsk Fjordsenter
- Språk: Programmet blir gjennomført på engelsk
- Aldersgrense: Born under 15 år må vere saman med ein vaksen
- Inngang: Aktiviteten inkluderer inngang til Norsk Fjordsenter
- Booking: Same dag er mogleg. Ved nettbestilling må bestillinga vere gjort seinast éin time før programstart
Etter fullført program får borna eit Junior Ranger-diplom med offisielt stempel, samt ei Junior Ranger-medalje – eit fint minne frå besøket i Geiranger.
Prisar
Voksne (inngangsbillett til besøkssenteret) (16+ år): 160 NOK
Barn (billett til besøkssenteret + Junior Ranger-aktivitetar) (5-15 år): 225 NOK